I sju år har Shahla sete i kyrkjeasyl i Mysen. Det er noregsrekord.
Shahla kom til Noreg på gyldig turistvisum hausten 1999 for å vitje broren som hadde kome her som FN-kvoteflyktning. Ein annan bror hadde fått asyl i Canada. Under opphaldet i Noreg får Shahla beskjed om at ei venninne som ho var politisk aktiv med i Iran hadde ”forsvunne”. Foreldra åtvara henne mot å reise tilbake til heimlandet, for Shahla kunne bli den neste. Dermed bestemte ho seg for å søke om politisk asyl i Noreg, men det viste seg å ikkje gå så bra. 15.februar 2001, etter avslag frå både UDI og Justisdepartementet, gjekk Shahla i kyrkjeasyl. Der har ho sete sidan.
Eg vitja Shahla tidlegare i haust i Filadelfiakyrkja i Mysen. Det var eit møte eg aldri kjem til å gløyme. I denne vesle leilegheita har Shahla budd natt og dag sidan ho var 29 år. I dag er ho 36 år. Sju år har ho budd ”innesperra” i ein enkel leilegheit. Av frykt for å bli teke av politiet har ho ikkje kunne gå ut, ikkje eingong for å hente posten eller for å handle.
Denne veka møtte eg Shahla igjen i Oslo. Etter to avslag har ho søkt om omgjeringsbegjæring, og på onsdag var tida komen for å bl intervjua om søknaden av Utlendingsnemnda (UNE). Over fire timar tok intervjuet. Eg møtte Shahla både før og etter intervjuet. Stemninga før var nervøs, etter var han sliten, men optimistisk.
Ein omgjeringsbegjæring er absolutt siste sjans for ein asylsøkar som ønskjer at myndigheitene skal gjere om på avslaget. Får ein ikkje medhald på denne søknaden er det ikkje fleire klageinstansar att. Då må ein ut, eller gå i skjul. Shahla har sjølv sagt at ho heller vil døy i Noreg enn å reise tilbake til Iran.
Neste fredag kjem svaret frå UNE. Då får Shahla vite kva framtida vil bli. Får ho det vernet ho har krav på etter internasjonal rett, eller vil norske myndigheiter tvangssende henne tilbake til landet ho flykta frå? Vil UNE ta omsyn til at Shahla har sete sju år i kyrkjeasyl?
La oss håpe at humanismen sigrar til slutt, og at Shahla får lov til å bu lovleg i Noreg. Om ei veke får vi altså svaret. Det blir ei veldig lang veke. Ikkje minst for Shahla sjølv.