Eg lar meg lett rive med av nye politiske tankar og idear. Slik som den Anders Waage Nilsen kom med i Bergens Tidende i dag om å bygge Svevebane i Bergen. Bergen har ein typografi som gjer at ein bør kunne sjå for seg infrastruktur etter modell frå gondolbanane i alpane. Ein mogleg strekning er Bergen sentrum - Haukeland Sjukehus (byens største arbeidsplass).
Gevinstane med ein svevebane er openberre: Bergen vert i dag kvelt av biltrafikk og har lite areal til å bygge ut. Dessutan er utbygging på landjord med private eigarar dyrt og konfliktfylt. Ein elektrisk bane over Bergen by ville ikkje berre avlasta vegane og miljøet, det kunne og vore ein rimelegare måte å løyse nokre av bergens trafikkproblemar.
Dette er ein spanande ide som ikkje må drukne. Eg utfordrar derfor Venstres Sara Henriksen (bystyrepolitikar for Venstre i Bergen) til å fremje ein interpellasjon på neste bystyremøte med forslag om å greie ut ideen om Svevebane i Bergen. Tek du utfordringa, Sara?
Til Anders Waage Nilsen: Vil du vere med å utforme ein slik interpellasjon, og kan du fortelje meir om erfaringane frå Portland?
Takk for støtten.
Jeg stiller gjerne opp.
Posted by: Anders Waage Nilsen | 07.05.09 at 14.08
http://images.google.no/images?gbv=2&hl=no&sa=1&q=portland+tram&btnG=S%C3%B8k+etter+bilder&aq=f&oq=
Bilder av svevebanen i Portland. Det kan se ut som det er to kabiner som går tur-retur og stanser samtidig på hver sin "holdeplass". Jeg har kjørt mange sånne. En annen mulighet er det som kalles funitel, og som har mange mindre kabiner, slik at det blir mindre ventetid. Disse hektes over på en ny kabel som går veldig sakte ved på- og avstigning, og hektes over på hovedkabelen (som går veldig raskt) og "skytes" ut fra stasjonen.
Posted by: Fabian | 07.05.09 at 15.39
Men har en slik svevebane stor nok kapasitet til å dekke de store byggekostnadene?
Posted by: Konrad | 07.05.09 at 15.59
Hei dere!
Eg har ingen kunnskap om dette utover det eg las i kronikken til Waage Nilsen. Der vert det iallfall argumentert med at svevebane er kostnadseffektivt.
Lars-Henrik
Posted by: Lars-Henrik | 07.05.09 at 17.39
Utfordringen er tatt! Interpellasjon skrives når jeg er tilbake fra Berlin.
Posted by: Sara Henriksen | 08.05.09 at 16.28
Hei og hopp!
Dette er jo konge. Foreslår du sender meg utkast på interpellasjon til publiering her på bloggen, så kan folk kome med innspel på teksten. Kronikkforfattaren har jo sjølv lova å bidra.
God helg!
Lasr-Henrik
Posted by: Lars-Henrik | 08.05.09 at 17.30