Etter nokre dagars innspelsrunde på denne bloggen og e-post blei fiskekakebrevet sendt til ICA, Rema 1000, Coop og Norgesgruppen måndag 4.mai. Eg vil på denne sida oppdatere status etterkvart som vi får svar frå dei ulike matvarekjedene.
STATUS:
4.mai: Coop Norge v/ Arild Johannessen svarar at brevet er oversendt Øystein Kahrs i Coop Hordaland.
4.mai: Følgjande brev sendt.
Til
Ica Norge AS
Rema 1000 Norge AS
Coop Norge AS
Norgesgruppen ASA
Kan de selje fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen?
Vi som skriv dette brevet har eitt ønske: at ein eller fleire daglegvarekjedar vil ta inn verdas beste fiskekaker i sine butikkar.
29.april i år kom beskjeden om at dei tradisjonsrike fiskematbutikkane Søstrene Hagelin og Madam Bergen må stenge drifta. Vi er redd dette er ein del av ein negativ trend der stadig fleire lokal og små spesialistutsal og –produsentar vert lagt ned. Eigar av butikkane, Knut Galtung Døsvig i BaraGuppen AS, har i media gitt uttrykk for at nedlegginga kunne vore unngått dersom ein eller fleire av dei store daglegvarekjedene ville vore interessert i å ta inn fiskekakene i sine butikkar. Det syns vi som forbrukarar er ein god ide!
Fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen er ikkje berre gode, dei er like bergensk som skillingsbollar, 7-fjellsturen og Brann. Derfor har den varsla nedlegginga skapt eit enormt engasjement i byen mellom dei sju fjell. På Facebook har godt over 14.000 personar meldt seg inn i gruppa ” Redd Madam Bergen & Søstrene Hagelin , NÅ!”. Dette viser at det er eit sterkt forbrukarønske om vidare tilgang på fiskeprodukt frå Søstrene Hagelin og Madam Bergen.
Vårt spørsmål er: Er din kjede interessert i å selje Søstrene Hagelins/Madam Bergens fiskekaker til oss forbrukarar?
Med det nemnde medie- og facebookfokuset som bakteppe vil butikkjeder som startar sal av fiskekaker frå Søstrene Hagelin/Madam Bergen garantert oppnå mykje goodwill.
Vi håpar på positivt svar. Brevet og svara vil bli publisert på internett.
Venleg helsing
Erik Dale
Bent H. Gjendem
Carl-Christian Grøndahl
M.L Sittlinger
Hans-Carl Tveit
Eva Merete Nordskog
Lars-Henrik Paarup Michelsen
http://www.bt.no/lokalt/article841322.ece
Hei Lasse
Kanskje da ikkje so lurt å støtta et produkt som ikkje klarer å tilpasse seg markedet selv. Blir som å subsidiere et dårlig bilfabrikk?? Er det ikkje ledelsen selv i bedriften som skal lage foretnigsbeslutninger og ikkje populistisk press fra offentlige personer, dette kan lage ubalangse i markedet der de som faktisk lager billige og gode produkter ikkje blir valgt på grunn av dårligt gjennomtengt press fra de offentlige.
Bare en tanke.
Helsing AMH
Posted by: Amund Hatlevik | 14.05.09 at 12.31
PS. Ska seies at Madam Bergen har et kjempeprodukt, men kanskje i ikke den beste ledelsen....
Posted by: Amund Hatlevik | 14.05.09 at 12.38