« Ingenting skjer i norsk klimapolitikk | Main | Fjern NRK-lisensen »

Gratulerer med felles ekteskapslov!

I dag vil stortinget vedta ei felles ekteskapslov som likestiller heterofile og homofile par. I praksis betyr det at lesbiske kvinner no får same rett til assistert befrukting som heterofile kvinner, og at homofile par kan bli vurdert som adoptivforeldre.

Dagens vedtak i stortinget er eit resultat av mange års kamp, og fleire av partia som i dag sikrer fleirtalet har skifta standpunkt undervegs. Både Arbeidarpartiet, Venstre, Høgre og Senterpartiet har ein gong vore motstandarar av felles ekteskapslov. Nokon endra politikken tidlegare enn andre (Høgre skifta vel standpunkt i fjor, og Senterpartiet gjorde det i år), men felles for alle er at dei har vore gjennom eit standpunktsskifte. I mange tilfeller skuldast det ungdomsparti og einskildpersonar som på landsmøter etter landsmøter har teke opp homosaka. Det har ikkje alltid vore populært, men overtydinga om at det har vore riktig er det som har ført fram.

Tid endrar. Dagen i dag bør difor vere ein motivasjon for oss som håpar at stortinget ein dag og kan skape fleirtal for å avvikle statskyrkja og erstatte kongen med ein president. Eller melde Noreg inn i EU.

Gratulerer med dagen!

TrackBack

TrackBack URL for this entry:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83451e5ee69e200e55365ee4d8834

Listed below are links to weblogs that reference Gratulerer med felles ekteskapslov!:

Comments

Verify your Comment

Previewing your Comment

This is only a preview. Your comment has not yet been posted.

Working...
Your comment could not be posted. Error type:
Your comment has been posted. Post another comment

The letters and numbers you entered did not match the image. Please try again.

As a final step before posting your comment, enter the letters and numbers you see in the image below. This prevents automated programs from posting comments.

Having trouble reading this image? View an alternate.

Working...

Post a comment