Ingenting skjer i norsk klimapolitikk
Regjeringa sin respons på det enorme klimaengasjementet vi alle har vore ein del av dei siste åra (minus Frp), ser ut til å vere meir forureining, meir forureining og atter meir forureining. Aldri før har dei norske utsleppa av klimagasser vore høgare enn i 2007.
Det er SSB sin årlege klimastatistikk som viser at Noregs klimagassutslepp frå 2006-2007 auka med 3 prosent ( eller 1,5 millionar tonn). Samla slapp vi ut 55 millionar tonn CO2-ekvivalenter i fjor, fem millionar tonn meir enn det den pinglete Kyoto-avtalen pålegg oss. Og verst av alt: Det er ingenting som tyder på betring i næraste framtid. Det er rett og slett stillstand i norsk klimapolitikk, og ministeren som burde teke det heilskaplege ansvaret for å få norske utslepp ned er totalt fråverande.
I følgje Zero er det desse selskapa som bidrar mest til den pinlege utsleppsauka:
- StatoilHydro, Mongstad-raffineriet – Hordaland, 1 728 000 tonn
- Naturkraft, Kårstø – Rogaland, 1 300 000 tonn
- StatoilHydro, Statfjord, 1 179 189 tonn
- Gassco, gassterminal, Kårstø – Rogaland, 1 092 000 tonn
- StatoilHydro, Oseberg, 1 083 804 tonn
- StatoilHydro, Gullfaks, 958 364 tonn
- StatoilHydro, gasskraftverk, Melkøya – Finnmark, 920 000 tonn
- StatoilHydro, Åsgard, 894276 tonn
- StatoilHydro, Sleipner, 872803 tonn
- Norcem Brevik, sement, Grenland – Telemark, 764 000 to
7 av dei 10 største utsleppspunkta er det altså StatoilHydro som står bak. Det er det same selskapet som i går presenterte eit knallsterkt resultat for årets første kvartal: 16 milliardar kroner før skatt, mot 9,9 milliardar i same periode i fjor. Det er ein auke på 42 prosent.
Det hadde ikkje kosta StatoilHydro all verden å rense anlegga som spyr ut mest klimagassar. Om selskapet hadde blitt pålagt å rense utsleppa frå klimaverstingane Mongstad, Statfjord, Oseberg, Gullfaks, Snøhvit, Åsgard og Sleipner, ville dei norske klimagassutsleppa blitt redusert med 7,6 millioner tonn CO2-ekvivalenter - det er ikkje mindre enn 13 prosent!
Om ein verkeleg ønskjer å redusere norske utslepp av klimagassar, kvifor ikkje starte der utsleppa er størst?
Det er rett og riktig at vi passer på klimaet og ikke forurenser mer enn nødvendig. I vårt rike land må vi også forske på metoder for å rense, Men det nytter ikke med hysteri, spille på frykt. Alle ønsker å gjøre bruk av de velferdsgodene vi har, også de som skriker høyest om å redde verden.
Posted by:boeggen | 15.05.08 at 09.56