« mars 2008 | Main | juni 2008 »

Ingenting skjer i norsk klimapolitikk

Regjeringa sin respons på det enorme klimaengasjementet vi alle har vore ein del av dei siste åra (minus Frp), ser ut til å vere meir forureining, meir forureining og atter meir forureining. Aldri  før har dei norske utsleppa av klimagasser vore høgare enn i 2007.

Det er SSB sin årlege klimastatistikk som viser at Noregs klimagassutslepp frå 2006-2007 auka med 3 prosent ( eller 1,5 millionar tonn). Samla slapp vi ut 55 millionar tonn CO2-ekvivalenter i fjor, fem millionar tonn meir enn det den pinglete Kyoto-avtalen pålegg oss. Og verst av alt: Det er ingenting som tyder på betring i næraste framtid. Det er rett og slett stillstand i norsk klimapolitikk, og ministeren som burde teke det heilskaplege ansvaret for å få norske utslepp ned er totalt fråverande.

I følgje Zero er det desse selskapa som bidrar mest til den pinlege utsleppsauka:

  1. StatoilHydro, Mongstad-raffineriet – Hordaland, 1 728 000 tonn
  2. Naturkraft, Kårstø – Rogaland, 1 300 000 tonn
  3. StatoilHydro, Statfjord, 1 179 189 tonn
  4. Gassco, gassterminal, Kårstø – Rogaland, 1 092 000 tonn
  5. StatoilHydro, Oseberg, 1 083 804 tonn
  6. StatoilHydro, Gullfaks, 958 364 tonn
  7. StatoilHydro, gasskraftverk, Melkøya – Finnmark, 920 000 tonn
  8. StatoilHydro, Åsgard, 894276 tonn
  9. StatoilHydro, Sleipner, 872803 tonn
  10. Norcem Brevik, sement, Grenland – Telemark, 764 000 to

7 av dei 10 største utsleppspunkta er det altså StatoilHydro som står bak. Det er det same selskapet som i går presenterte eit knallsterkt resultat for årets første kvartal: 16 milliardar kroner før skatt, mot 9,9 milliardar i same periode i fjor. Det er ein auke på 42 prosent.

Det hadde ikkje kosta StatoilHydro all verden å rense anlegga som spyr ut mest klimagassar. Om selskapet hadde blitt pålagt å rense utsleppa frå klimaverstingane Mongstad, Statfjord, Oseberg, Gullfaks, Snøhvit, Åsgard og Sleipner, ville dei norske klimagassutsleppa blitt redusert med 7,6 millioner tonn CO2-ekvivalenter - det er ikkje mindre enn 13 prosent!

Om ein verkeleg ønskjer å redusere norske utslepp av klimagassar, kvifor ikkje starte der utsleppa er størst?