« februar 2008 | Main | mai 2008 »

Møte med kvardagsrasismen

Eg bur i det ein skulle tru var den mest tolerante og inkluderande staden i Noreg - Grønland i Oslo. Men kvardagsrasismen finn ein og her - midt i smeltedigelen i landets hovudstad. Under dagens handletur hjå Kiwi opplevde eg at den blide kassemannen spurde somaliaren som stod to plassar framfor meg i køen, om han ikkje kunne få sjekke innhaldet i ryggsekken. Eg trudde ikkje slikt var lov (nokon som veit?), men somaliaren var ikkje av typen som gjorde motstand og opna glidelåsen villig opp for å vise at sekken var tom.

Kunden etter somaliaren var ei (krittkvit) dame. Ho hadde og sekk på ryggen, men blei ikkje spurd om å vrenge sekken for at vise butikkmannen at ho ikkje hadde stelt varar. Heller ikkje eg blei spurd om å vise innhaldet i sekken min, og då eg spurde butikkmannen kvifor han berre ville kontrollere den somalske kunden rista han på oppgitt på hovudet. Eg ba han kontrollere alle eller ingen, men fekk tilbake eit sleskete "eg skjøner ikkje kva du meiner".

Rasismen sin beste ven den stilltiande aksepten frå omgjevnadene rundt. Eg er sjølv blant dei som rett som det er blir forbanna over ting eg ser og høyrer, men som alt for ofte nøyer meg med å knyte neven i lomma. Vi seier sjeldan ifrå, og det er ikkje godt nok visst vi verkeleg ønskjer eit samfunn fritt for rasisme. Dagens hending vil eg difor ikkje la passere. Butikksjefen hjå Kiwi skal få tilsendt eit sint kundebrev med krav om forklarting og orsaking. Og fram til eg har fått eit godt svar skal eg kjøpe maten min i nokon av dei andre butikkane her på Grønland.

Meir konkurranse gjev betre togtilbod

At NSB Anbud AS, selskapet som under den førre regjeringa vann konkurransen om å få drive persontrafikken på Gjøvikbana fram til 2016, køyrer raskara, hyppigare og billegare enn det NSB gjorde før konkurranseutsettinga har vi visst lenge. Men at konkurransen i tillegg ser ut til å ha framskaffa eit gode som trådlaust nett var nytt for meg.

Fram til å går var eg sikker på at internett på tog aldri kom til å kome til Noreg, og på grunn av alle tunnellane kunne eg til ein viss grad akspetere det. Men på ei togreise mellom Oslo og Gjøvik i går oppdaga eg heilt tilfeldig at toget på landets einaste konkurranseutsette jernbanestrekning  kunne tilby trådlaust nett til oss passasjerar. Eg var overtydd før, og eg er  overtydd no: Konkurranse om drift av fleire jernabanestrekningar i Noreg vil gje eit betre togtilbod.