Vi treng meir debatt om Afghanistan
I fjor sommar avslørte Klassekampen at tre norske aviser - Haugesunds avis, Moss Dagblad og Fredriksstad Blad - på same dag hadde trykka tre like intervju med tre ulike afghanske soldatar. Grunn: Intervjua var skrive av Luftforsvaret sin informasjonsavdeling. Avsløringa var og er ein viktig påminning om at vi som sitt i trygg avstand frå krigen i Afghanistan har ein svært avgrensa tilgang til uhilda informasjon om det som faktisk skjer. Dette er ikkje minst eit demokratisk problem, for jo mindre informasjon, desto endå mindre debatt.
SV skal ha skryt for at dei som einaste parti på stortinget prøver å løfte debatten om Afghanistan. At Aftenposten i dag vier side 2 og 3 til Afghanistan-krigen er utelukkande sosialistane si forteneste. Så kan ein gjerne vere usamd med Audun Lysbakken og CO om kva strategi som er best. Om dei norske soldatane skal ut, eller om fleire skal inn. Om vi skal gå i dialog med Taliban, eller om ein skal halde fast på konfrontasjonslina. Poenget er at debatten må takast og han må takast no. 2.-4. april skal NATO ha ministermøte i Bucaresti kor tema nettopp er strategien i Afghanistan. Tidspunktet for ein norske Afghanistan-debatt kunne ikkje vore betre.
Janne Haaland Matlary hadde for litt sidan eit innlegg i Minerva kor ho kritiserte dei borgarlege partia for manglande kunnskap om og interesse for internasjonal politikk. Matlary har mykje rett, og eg meiner denne kunnskaps- og interessemangelen blir godt avslørt i debatten om Afghanistan. Kvifor skulle borgarlege politikarar elles ha møtt SV sin Afghanistankritikk med irrelevante argument som:
i) eit regjeringsparti skal ikkje diskutere Afghanistan-krigen.
ii) norske soldatar vil bli demotivert om norske politikarar diskuterer strategien i Afghanistan.
Sjølv vi som er tilhengjarar av NATO bør kunne stille spørsmål rundt det engasjementet vi er ein del av:
- Kva er status etter over seks år med krig?
- Går det rette vegen?
- Bør noko gjerast annleis?
Legg debatten om debatten død og diskuter heller det som bør diskuterast: framtida til Afghanistan. SV har gjort sin del av jobben, no må dei borgarlege partia kome etter.
Et regjeringsparti kan og må selvsagt være med på å diskutere alle forhold som berører norsk politikk, vårt samfunn og våre omgivelser. Likevel så er det noen debatter det ikke bør reise (det er forskjell på å delta i en debatt og å starte en debatt). Når det legges et konkluderende premiss til grunn for debatten (som reises av deler av SV) så blir det ekstra ille. Det er rett og slett dårlig ledelse. At det i tillegg er i konflikt med øvrige regjeringspartier gjør saken enda vanskeligere.
Innvendingen er etter mitt skjønn absolutt relevant.
Posted by:Carl Christian | 22.01.08 at 13.50
Flere styrker har gitt bedre resultat.
http://www.nytimes.com/2007/12/30/world/middleeast/30iraq.html?fta=y
Posted by:Erlend Sand | 04.02.08 at 21.37