Ja til endring av §93 i grunnlova
Liberalaren har skrive ein veldig god kommentar til påstanden frå neisida om at Inge Lønning sin foreslåtte endringa av §93 i grunnlova er ein "endring av spelereglene" (i EU-kampen). Framlegget til grunnlovsendring går ut på å opne for at samtykkje til at overføring av suverenitet kan gis med 2/3 fleirtall dersom det først er avholdt ein rådgjevande folkerøysting, og ikkje med 3/4 fleirtal som i dag.
Nei til EU ser spøkelser på høglyst dag. Visst dei trur det blir enklare å melde Norge inn i EU dersom §93 blir endra frå 3/4 til 2/3 fleirtal, så tek dei feil. Grundig feil. Ettersom det for lengst er opplest og vedteke at EU-spørsmålet alltid skal opp til følkerøysting før ei handsaming i stortinget, vil endring av §93 berre føre til at det blir litt vanskelegare å ikkje følgje folket sin vilje. Og er det så ille?
Argumentet som burde ha fått stortingetsfleirtalet til å røyste for overnemnde grunnlovsendring, er at det i 2008 ikkje bør vere nokon spesiell grunn til at avgjersler om overnasjonalitet skal ha eit spesielt vern i grunnlova. I ei tid kor klimendringar og fattigdom blir sett på som globale utfordringar som berre kan løyast i fellesskap, burde ikkje overføring av nasjonal suverenitet til internasjonale organisasjonar bli sett på som noko ekstraordinært. Ein burde snarare ha applaudert det.
Saka skal debatterast av stortinget torsdag 10.januar.
Men det jeg ikke forstår, er hvorfor Lønning og Christiansen i så fall ikke bare foreslår å innføre bindende folkeavstemninger? Det er jo det ja-sida effektivt argumenterer for at er realiteten, slik at denne grunnlovsendringen ikke har noen effekt.
Men hvis Stortinget ikke kan samle seg om bindende folkeavstemninger, må det jo være av den prinsipielle begrunnelse at folkeavstemninger ikke alltid gir et resultat Stortinget trenger å følge. Hvilke premisser må være tilstede for at Stortingspolitikerne skal få lov til å stemme mot en folkeavstemning?
Posted by:indregard | 09.01.08 at 11.05
Huff, glemte hovedpoenget mitt. Det er jo åpenbart at overføringer av myndighet fra grunnlova til overnasjonale organer må ha (minst) like sterk beskyttelse som en grunnlovsendring, ettersom de får samme juridiske status som en endring i grunnlova.
Når det gjelder overgivelse av myndighet i forhold til lovverk utenom grunnlova, er det vel ikke noe ekstraordinært krav om flertall per i dag.
Posted by:indregard | 09.01.08 at 11.08
Lønning og Christiansen påpeiker vel berre det faktum at det har blitt ein sedvane at folket får uttale seg om EU-medlemskap gjennom folkerøysting. Det er utenkeleg at det ikkje blir folkerøysting, for å seie det slik.
Men sjølv om noko har blitt ein sedvane, så treng det ikkje stå skrive i grunnlova (iallfal ikkje om ein er tilhengjar av ein kort grunnlov). Paralmentarismen var til dømes sedvane i 100 år før det vart grunnlovsfesta, og institusjonelle strukturer må nok seiast å vere meir grunnlovsverdig enn ei folkerøysing om EU.
Lars-Henrik
Posted by:Lars-Henrik | 09.01.08 at 17.19