« desember 2007 | Main | februar 2008 »

Vi treng meir debatt om Afghanistan

I fjor sommar avslørte Klassekampen at tre norske aviser - Haugesunds avis, Moss Dagblad og Fredriksstad Blad - på same dag hadde trykka tre  like intervju med tre ulike afghanske soldatar. Grunn: Intervjua var skrive av Luftforsvaret sin informasjonsavdeling. Avsløringa var og er ein viktig påminning om at vi som sitt i trygg avstand frå krigen i Afghanistan har ein svært avgrensa tilgang til uhilda informasjon om det som faktisk skjer. Dette er ikkje minst eit demokratisk problem, for jo mindre informasjon, desto endå mindre debatt.

SV skal ha skryt for at dei som einaste parti på stortinget prøver å løfte debatten om Afghanistan. At Aftenposten i dag vier side 2 og 3 til Afghanistan-krigen er utelukkande sosialistane si forteneste. Så kan ein gjerne vere usamd med Audun Lysbakken og CO om kva strategi som er best. Om dei norske soldatane skal ut, eller om fleire skal inn. Om vi skal gå i dialog med Taliban, eller om ein skal halde fast på konfrontasjonslina. Poenget er at debatten må takast og han må takast no. 2.-4. april skal NATO ha ministermøte i Bucaresti kor tema nettopp er strategien i Afghanistan. Tidspunktet for ein norske Afghanistan-debatt kunne ikkje vore betre.

Janne Haaland Matlary hadde for litt sidan eit innlegg i Minerva kor ho kritiserte dei borgarlege partia for manglande kunnskap om og interesse for internasjonal politikk. Matlary har mykje rett, og eg meiner denne kunnskaps- og interessemangelen blir godt avslørt i debatten om Afghanistan. Kvifor skulle borgarlege politikarar elles ha møtt SV sin Afghanistankritikk med irrelevante argument som:

i) eit regjeringsparti skal ikkje diskutere Afghanistan-krigen.
ii) norske soldatar vil bli demotivert om norske politikarar diskuterer strategien i Afghanistan.

Sjølv vi som er tilhengjarar av NATO bør kunne stille spørsmål rundt det engasjementet vi er ein del av:

- Kva er status etter over seks år med krig?
- Går det rette vegen?
- Bør noko gjerast annleis?

Legg debatten om debatten død og diskuter heller det som bør diskuterast: framtida til Afghanistan. SV har gjort sin del av jobben, no må dei borgarlege partia kome etter.


Datalagringsdirektivet - nei takk!

Stadig fleire norske bloggarar er opptekne av datalagringsdirektivet som regjeringa ønsker å vedta i løpet av 2008. Eg skreiv om dette kontroversielle direktivet første gang for to år sidan under tittelen "Overvåking av telefon, sms og e-post". Direktivet, som er ein alvorleg svekking av retten til privat kommunikasjon, kan oppsummerast i følgjande punkter:

  • Direktivet pålegg internett- og teleselskap å lagre trafikk- og lokaliseringsdata, til dømes IP-adressar, tidspunkt for inn- og utlogging, avsendar og mottakar av e-post, geografisk lokalisering og lengde på telefonsamtaler. I dag blir internett- og teleselskap pålagt å slette trafikk- og lokaliseringsdata av personvernomsyn.
  • Sjølve innhaldet - altså det som blir sagt og skrive - skal ikkje lagrast.
  • Lagringstid er minimum 6 månedar og maksimum 2 år.
  • Føremålet med direktivet er å kjempe mot kriminalitet, og blei initiert etter terroråtaka i Madrid og London. Politiet har allereie i dag høve til å pålegge teletilbydarar å lagre data når desse blir trudd å ha betydning som bevis og det er grunn til å tru at det er gjort ein straffbar handling.
  • Direktivet fører til at private selskap får ansvar for enorme mengder sensitive personopplysningar.

Eg er brennande imot dette datalagringsdirektivet, og meiner Noreg må la vere å implementere det.  Informasjon om eigen private korrespondanse er noko eg sjølv skal eie, det er ikkje noko NetCom eller Telenor skal lagre på sine servarar i tilfelle eg kjem til å gjere noko kriminelt ein gong i framtida. Det å lagre informasjon om kontakt mellom menneske som ikkje er mistenkt for noko kriminelt, bryt dessutan med det liberale rettsprinsippet om at ein er uskuldig inntil det motsette er bevist.

Den norske debatten om datalagringsdirektivet kjem to år etter at det blei vedteke og heftig debattert i Europaparliamentet. Det er prisen norske borgarar må betale ved å ikkje vere EU-medlem! Men vi gjer sjølvsagt ikkje opp, sjølv om historie fortel at det aldri har skjedd at Noreg har reservert seg mot eit EU-direktiv. Og i påventa av eit stort personvernopprør kan du gjere følgjande i kampen mot datalagringsdirektivet:

  1. Skriv under oppropet Nei til EUs datalagringsdirektiv
  2. Meld deg inn i Facebook-gruppen mot EUs datalagringsdirektiv

 

Ja til endring av §93 i grunnlova

Liberalaren har skrive ein veldig god kommentar til påstanden frå neisida om at Inge Lønning sin foreslåtte endringa av §93 i grunnlova er ein "endring av spelereglene" (i EU-kampen). Framlegget til grunnlovsendring går ut på å opne for at samtykkje til at overføring av suverenitet  kan gis med 2/3 fleirtall dersom det først er avholdt ein rådgjevande folkerøysting, og ikkje med 3/4 fleirtal som i dag.

Nei til EU ser spøkelser på høglyst dag. Visst dei trur det blir enklare å melde Norge inn i EU dersom §93 blir endra frå 3/4 til 2/3 fleirtal, så tek dei feil. Grundig feil. Ettersom det for lengst er opplest og vedteke  at EU-spørsmålet alltid skal opp til følkerøysting før ei handsaming i stortinget, vil endring av §93 berre føre til at det blir litt vanskelegare å ikkje følgje folket sin vilje. Og er det så ille?

Argumentet som burde ha fått stortingetsfleirtalet til å røyste for overnemnde grunnlovsendring, er at det i 2008 ikkje bør vere nokon spesiell grunn til at avgjersler om overnasjonalitet skal ha eit spesielt vern i grunnlova. I ei tid kor klimendringar og fattigdom blir sett på som globale utfordringar som berre kan løyast i fellesskap, burde ikkje overføring av nasjonal suverenitet til internasjonale organisasjonar bli sett på som noko ekstraordinært. Ein burde snarare ha applaudert det.

Saka skal debatterast av stortinget torsdag 10.januar.

Heia Barack Obama!

Å stå fram som Obama-tilhengjar no er litt som å begynne å heie på det fotballlaget som tilfeldigvis leiar serien. Men det får ikkje hjelpe.

21.september i fjor var eg på ein skule i Iowa og høyrde Barack Obama tale til ein liten forsamling på 200-300 personar. Ikkje berre bekrefta han at han er ein god talar, men innhalde i det han sa syns eg og var fornuftig og bra.

USA treng ein president som kan endre omverda sitt inntrykk av landet etter åtte år med Bush & Cheney, og omverda treng ein president som kan endre USA sin internasjonale framferd. Her trur eg Obama har mest å tilby.

Obama er motstandar av våpenmakt som det primære verkemiddelet i utanrikspolitikken, han vil vekk frå oss-og-dei-filosofien til den sitjande administrasjonen, han vil stenge ned Guantanamo-basen på Cuba og doble det amerikanske bistandsbudsjettet. Obama er den einaste kandidaten eg verkeleg trur vil føre ein politikk overfor omverda som er befriande annleis enn den Bush fører i dag. At han faktisk røysta imot Irak-krigen til å byrje med, i motsetnad til Hillary Clinton og John Edwards, viser dessutan at mannen har guts og vilje i utanrikspolitikken.

Klima er eit anna viktig argument for kvifor verda treng Obama som president. Han snakkar om å vinne att "U.S. leadership on climate change". Det betyr ikkje berre ratifisering av Kyoto og ein venteleg etterfølgjar til Kyoto, men Obama har som uttalt mål at USA skal bli best på klima på heimebane. Klimagassutsleppa skal reduserast med minst 80 prosent innan 2050, og innan 2025 skal ein fjerdedel av elektrisiteten i USA kome frå forbybare energikjelder.  I motsetnad til den norske regjeringa, er Obama motstandar av å dele ut gratis utsleppskvoter til industrien.

Det er rett nok ikkje mykje som skil Barack Obama frå Hillary Clinton, og når presidentvalet startar for alvor kjem eg til å halde med den av desse to som blir nominert av demokratane. Men inntil då er det Barck Obama som er min kandidat i det amerianske presidentvalet, og i morgon håper eg han vinn i New Hampshire.

Meir Jagland

Thorbjørn Jagland med nye gode poenger i ein kronikk i dagens Aftenposten. Eg siterer:

En hendelse som burde få flere enn ledelsen i UD til å tenke igjennom vårt eget selvbedrag, nemlig sammenbruddet i våpenhvileavtalen på Sri Lanka. Det er blitt hevdet at Norge ikke kunne ha fungert som tilrettelegger for fredsprosesser hvis vi hadde vært medlem av EU. Men nær sagt alle fredsprosesser vi har vært innvolvert i, ligger i grus. Den eneste holdbare fredsavtale som er blitt forhandlet frem de siste årene er den i Aceh-provinsen i Indonesia. Forhandlet frem av en fra EU-landet Finland.