« Ja til endring av §93 i grunnlova | Main | Vi treng meir debatt om Afghanistan »

Datalagringsdirektivet - nei takk!

Stadig fleire norske bloggarar er opptekne av datalagringsdirektivet som regjeringa ønsker å vedta i løpet av 2008. Eg skreiv om dette kontroversielle direktivet første gang for to år sidan under tittelen "Overvåking av telefon, sms og e-post". Direktivet, som er ein alvorleg svekking av retten til privat kommunikasjon, kan oppsummerast i følgjande punkter:

  • Direktivet pålegg internett- og teleselskap å lagre trafikk- og lokaliseringsdata, til dømes IP-adressar, tidspunkt for inn- og utlogging, avsendar og mottakar av e-post, geografisk lokalisering og lengde på telefonsamtaler. I dag blir internett- og teleselskap pålagt å slette trafikk- og lokaliseringsdata av personvernomsyn.
  • Sjølve innhaldet - altså det som blir sagt og skrive - skal ikkje lagrast.
  • Lagringstid er minimum 6 månedar og maksimum 2 år.
  • Føremålet med direktivet er å kjempe mot kriminalitet, og blei initiert etter terroråtaka i Madrid og London. Politiet har allereie i dag høve til å pålegge teletilbydarar å lagre data når desse blir trudd å ha betydning som bevis og det er grunn til å tru at det er gjort ein straffbar handling.
  • Direktivet fører til at private selskap får ansvar for enorme mengder sensitive personopplysningar.

Eg er brennande imot dette datalagringsdirektivet, og meiner Noreg må la vere å implementere det.  Informasjon om eigen private korrespondanse er noko eg sjølv skal eie, det er ikkje noko NetCom eller Telenor skal lagre på sine servarar i tilfelle eg kjem til å gjere noko kriminelt ein gong i framtida. Det å lagre informasjon om kontakt mellom menneske som ikkje er mistenkt for noko kriminelt, bryt dessutan med det liberale rettsprinsippet om at ein er uskuldig inntil det motsette er bevist.

Den norske debatten om datalagringsdirektivet kjem to år etter at det blei vedteke og heftig debattert i Europaparliamentet. Det er prisen norske borgarar må betale ved å ikkje vere EU-medlem! Men vi gjer sjølvsagt ikkje opp, sjølv om historie fortel at det aldri har skjedd at Noreg har reservert seg mot eit EU-direktiv. Og i påventa av eit stort personvernopprør kan du gjere følgjande i kampen mot datalagringsdirektivet:

  1. Skriv under oppropet Nei til EUs datalagringsdirektiv
  2. Meld deg inn i Facebook-gruppen mot EUs datalagringsdirektiv

 

TrackBack

TrackBack URL for this entry:
http://www.typepad.com/t/trackback/227248/24995816

Listed below are links to weblogs that reference Datalagringsdirektivet - nei takk!:

Comments

Liberaleren har satt igang en (epost-)kampanje mot datalagringsdirektivet.

http://www.liberaleren.no/2008/01/13/kampanje-legg-ned-veto-mot-datalagringsdirektivet/

Dette er en av de sakene hvor vi er 100% enige, Lars Henrik (så skal jeg ikke her ta opp tråden om medlemskapets eventuelle betydning for Norges (u)muligheter ;o))

Hei Erlend!

Kjekt å høyre frå deg, og bra vi er samd om noko. Hehe:) Men det at eg er for EU-medlemskap betyr jo ikkje at eg er for all EU-politikk. Datalagringsdirektiv er døme på dårleg politiikk. og då må vi gå imot. Håper du får Senterpartiet med på reservasjon.

Lars-Henrik.

Nei sånn er det ikke, selv om mange tror det. Tvert i mot. Det som mangler i debatten er at folk tror disse dataene ikke finnes i dag. Det gjør de, men de sikres ikke. De gjøres bare tilgjengelig på helt vilkårlige måter da ikke finnes noen felles metodikk.


Direktivet, som er ein alvorleg svekking av retten til privat kommunikasjon, kan oppsummerast i følgjande punkter:

* Direktivet pålegg internett- og teleselskap å lagre trafikk- og lokaliseringsdata, til dømes IP-adressar, tidspunkt for inn- og utlogging, avsendar og mottakar av e-post, geografisk lokalisering og lengde på telefonsamtaler. I dag blir internett- og teleselskap pålagt å slette trafikk- og lokaliseringsdata av personvernomsyn.
Alt dette logges per i dag. Hvordan tror du telefonregningen din hadde sett ut uten? Lokaliseringsdata er ikke noe annet en den basestasjonen som du var tilknyttet. Denne er viktig for systemet for etter som beveger deg mellom cellene skal systemet kunne følge deg, om samtalen blir brutt kan du ringe opp igjen uten å måtte betale. Disse data finnes allerede i faktureringsystemene, mange norske teleaktører bruker et selskap i sverige til å lage datagrunnlaget så dine data finnes allerede i eu.
Problemet er at disse data OGSÅ ligger i backupsysemene til disse selskapene. Og her er det ingen rutinger for oppbevaring eller sletting.

* Sjølve innhaldet - altså det som blir sagt og skrive - skal ikkje lagrast.
Det er korrekt, men så lenge data ligger på en server som det blir tatt backup av har du ingen garanti for at de blir slettet.
* Lagringstid er minimum 6 månedar og maksimum 2 år.
Med krav til sletting. I dag slettes ingenting regelmessig.
* Føremålet med direktivet er å kjempe mot kriminalitet, og blei initiert etter terroråtaka i Madrid og London. Politiet har allereie i dag høve til å pålegge teletilbydarar å lagre data når desse blir trudd å ha betydning som bevis og det er grunn til å tru at det er gjort ein straffbar handling.
Dette er tull. Som sagt disse data lagres allerede i andre systemer.
* Direktivet fører til at private selskap får ansvar for enorme mengder sensitive personopplysningar.
Hvor står det i direktivet? Og hva får deg til å tro det? Hva nytt er det som ikke allerede ligger i telefonregningen din?

Hei Kenneth

Eg har aldri meint at personvernet er godt nok sikra i gjeldande lovverk og praksis (det er mellom anna difor eg syns det er bra at ein har satt ned ein personvernkommisjon).

Det grunnleggjande nye med datalagringsdirektivet er at det representerer eit pålegg om lagring av trafikkdata. I dag får tele- og nettselkspa dispensasjon frå personopplysingslova til å ta vare på slik informasjon av fakturaomsyn (i tilfelle eg klagar på rekninga), men etter 3-5 månader må denne kundedataen slettast.

Det er opp til nasjonale myndigheiter å bestemme korleis ein skal lagre trafikkdataene. Ut frå personvernomsyn er det betenkteleg med både eit stort sentralt register og mange små.


Lars-Henrik

Hei Lars-Henrik,

Enig med deg at vi bør forsøke å unngå direktivet i Norge, men som det vil fremgå på min blogg mener jeg at man bør ha et nyansert syn på de kravene datalagringsdirektivet inneholder. Flertallet av kravene går hardt ut over personvernet, men noen av dem er kanskje nødvendige.

Svein

idiotförslag= internet (hackare, vanliga med progra etc , även övervaka tlf= ska ju självklart brottsrubriceras)
buggning= ja om skäl
rättegångar= post- och telelag i Sverige (misstänker person= anmäla och fälla via tillgängliga resurser, interpol)

Post a comment

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In