Heia Barack Obama!
Å stå fram som Obama-tilhengjar no er litt som å begynne å heie på det fotballlaget som tilfeldigvis leiar serien. Men det får ikkje hjelpe.
21.september i fjor var eg på ein skule i Iowa og høyrde Barack Obama tale til ein liten forsamling på 200-300 personar. Ikkje berre bekrefta han at han er ein god talar, men innhalde i det han sa syns eg og var fornuftig og bra.
USA treng ein president som kan endre omverda sitt inntrykk av landet etter åtte år med Bush & Cheney, og omverda treng ein president som kan endre USA sin internasjonale framferd. Her trur eg Obama har mest å tilby.
Obama er motstandar av våpenmakt som det primære verkemiddelet i utanrikspolitikken, han vil vekk frå oss-og-dei-filosofien til den sitjande administrasjonen, han vil stenge ned Guantanamo-basen på Cuba og doble det amerikanske bistandsbudsjettet. Obama er den einaste kandidaten eg verkeleg trur vil føre ein politikk
overfor omverda som er befriande annleis enn den Bush fører i dag. At han faktisk røysta imot Irak-krigen til å byrje med, i motsetnad til Hillary Clinton og John Edwards, viser dessutan at mannen har guts og vilje i utanrikspolitikken.
Klima er eit anna viktig argument for kvifor verda treng Obama som president. Han snakkar om å vinne att "U.S. leadership on climate change". Det betyr ikkje berre ratifisering av Kyoto og ein venteleg etterfølgjar til Kyoto, men Obama har som uttalt mål at USA skal bli best på klima på heimebane. Klimagassutsleppa skal reduserast med minst 80 prosent innan 2050, og innan 2025 skal ein fjerdedel av elektrisiteten i USA kome frå forbybare energikjelder. I motsetnad til den norske regjeringa, er Obama motstandar av å dele ut gratis utsleppskvoter til industrien.
Det er rett nok ikkje mykje som skil Barack Obama frå Hillary Clinton, og når presidentvalet startar for alvor kjem eg til å halde med den av desse to som blir nominert av demokratane. Men inntil då er det Barck Obama som er min kandidat i det amerianske presidentvalet, og i morgon håper eg han vinn i New Hampshire.
Comments