« november 2007 | Main | januar 2008 »

Min favoritt: Thorbjørn Jagland

Det finst ein politiker som tenker støre, analyserer klokare og skriv betre enn alle andre norske politikarar. Thorbjørn Jagland er min favorittpolitikar i Noreg. Ingen over, ingen  ved sidan av.

Første gong eg verkeleg fekk augene opp for Jagland var som fersk student ved Universitetet i Bergen for ein god del år tilbake. Den utskjelte eks-statsministeren var invitert for å halde eit foredrag om konflikten i Midtausten - og milde moses for eit foredrag han gav! Utan manus trollbandt han publikum med kunnskap, politisk analyse og vittige poeng av beste klasse.

Sidan dette møtet har eg alltid satt pris på Jagland sine bidrag til den politiske debatten. Eg er sjølvsagt ikkje samd i alt Jagland seier og skriv (det er jo ein grunn til at vi ikkje er medlem av same parti), men han har ein fantastisk evne til å heve blikket og setje kvardaslege spørsmål inn i eit støre perspektiv. Pluss skal han og ha for at han aldri sluttar å ta opp EU-spørsmålet i utanforlandet Noreg.

Her følgjer 9 tilfeldige Jagland-godbitar som du kan kose deg med i ferien:

1. Hvorfor vi trenger Europa (kronikk i Aftenposten 1.10.2005)
2. Noreg bør bidra (kronikk i Aftenposten 15.11.2006)
3. Moderniser grunnloven (kronikk i Aftenposten 16.5.2007)
4. EU viktigere enn noensinne (kronikk i Dagbladet 9.5.2007)
5. Innfør en global karbonskatt (kronikk i Aftenposten 2.3.2006)
6. Tyrkia må inn i Europa (kronikk i Aftenposten 30.11.2006)
7. Islamofobi vårt nye spøkelse? (kronikk i Aftenposten 12.4.2006)
8. Tilbake til folkeretten (kronikk i Dagbladet 26.5.2006)
9. EU er en union for fred (kronikk i Aftenposten 25.3.2007)

Vi treng ein personvernorganisasjon

Er du oppteken av personvern og har litt tid til overs?

Isåfall bør du seriøst vurdere å starte opp ein personvernorganisasjon i Noreg - eller få liv i gamle PIN. At det per dags dato ikkje finst  ein einaste oppegåande organisasjon/stifting som arbeider systematisk og godt med personvernsaker, er eit kjempeproblem for oss som er oppteken av slikt.

Hadde vi hatt ein personvernorganisasjon, så hadde kanskje fleire fått med seg at stortinget - dvs alle parti minus Venstre - førre torsdag gjekk inn for å utvide DNA-registreringa i straffesaker. Eg har tidlegare blogga om Knut Storberget sin begeistring for bruk av DNA-registrering i rettspleia, så særleg overraskande var ikkje dette vedtaket. Men det som uroar er at nesten ingen journalistar problematiserer utvidinga av DNA-registereringa.

Er det verkeleg så uproblematisk at alle som gjennomfører ein ulovleg handling som kan resultere i fengselsstraff (t.d. ulovleg demonstrasjon) skal få DNA-profilen sin lagra i eit politiregister? Ville ikkje eit rimeleg krav vere at det bør vere ein reell fare for gjentak for å hamne i DNA-registeret? Burde det ikkje - ut frå tanken om at einkvar som gjer noko kriminelt må kunne gjere opp for seg - vere mogleg å kome ut av registeret etter at ein har hamna der?

Det er eit skrikande behov for ein organisasjon som hadde stilt slike grunnleggjande spørsmål, og som hadde bråka i avisene kvar gong stortingsfleirtalet  fann på tiltak som gjekk på akkord med folk sin medfødde rett til privatliv. Personvernet treng nokon som kan gjere ein like stor innsats for privatlivets fred som det miljøorganisasjonane gjer for miljøet. Tenk kva miljøsaka ville vore utan Natur og Ungdom, Bellona og Zero.

Tek du utfordringa?

Shahla får bli

I dag kom beskjeden om at Shahla får bli i Noreg. FANTASTISK!

Særreglar og fotball

I fjor innførte Fotballforbundet regelen om at norske fotballklubbar berre kunne ha tre spelarar frå land utanfor EU på bana samstundes. Regelen var hårreisande fordi han rangerte fotballspelarar etter kor i verda dei var født. Det er difor gledeleg at NFF no foreslår å fjerne regelen som avgrensar kor mange utlendingar som kan spele samstundes på norske fotballbanar. 

Vendinga til NFF er bra fordi det bør vere kvalitet - og ikkje nasjonalitet - som er avgjerande for korvidt ein spelar er god nok for norsk fotball eller ikkje. Det er likevel eit stort MEN.  Som erstatning for den diskriminerande utlendingsregelen ønskjer fotballorbundet heretter å krevje at 14 av 25 spelarar i ein norsk toppklubb er lokale. Dermed held NFF fram med å rangere spelarar etter geografi.

Ville NFF sitt nye forslag blitt akseptert på andre områdar i samfunnet?

Sjå for deg at det var reglar som sa at 56 prosent av dansarane i Nationalballetten til einkvar tid måtte kome frå Oslo, fordi det var så viktig å satse på loale dansarar. Eller tenkt om NHO hadde stilt krav til sine medlemsbedriter om at 56 prosent av dei tilsette til einkvar tid måtte kome frå den staden bedriften var lokalisert. Ikkje særleg realistisk nokon av delane. Men av ein eller annan grunn så er det ingen som reagerer når idretten innfører særreglar.

8.januar får vi svaret om NFF får vilja si gjennom.

Kvifor forsvaret ikkje treng meir pengar

Stadar kor forsvaret har basar av ein viss storleik i dag:

Andøya
Banak
Bardufoss
Bergenhus
Bjervik
Bodø
Dombås
Drevjamoen
Gardermoen
Haakonsvern
Harstad
Heistadmoen
Horten
Høybuktmoen
Huseby
Jåttå
Kjeller
Kjevik
Kolsås
Linderud
Lutvann
Madla
Mågerø
Olavsvern
Ørland
Oslo
Porsangmoen
Ramsund
Reitan
Rena
Rygge
Sessvollmoen
Setermoen
Skjold
Sola
Sørreisa
Sortland
Terningmoen
Trondenes
Værnes
Vatneleiren
Voss

Før ein gjer forsvaret meir pengar, slik m.a. Forsvarspolitisk Utval foreslo i sin utgreiing, bør stortinget slutte å bruke forsvarsbudsettet til sysselsettingstiltak i distrikta (slik lista over er eit bevis på).

Regjeringa sin klimapolitikk er ein tragedie

I byrjinga av november leverte Venstre, Høgre og Krf 61 klimakrav til regjeringa som forhandlingsutgangspunkt mellom regjering og opposisjon om eit klimaforlik. I går kom svaret frå Ap, SV og SP, og resultatet var enormt skuffande. Forutan å seie at dei vil ta opp att forhandlingar med Sverige om grøne sertifikat, er ikkje regjeringspartia i nærleiken av å kome dei 61 klimakrava frå opposisjonen i møte.

At ei regjering bruker fire veker på å kome fram til ingenting, fortel oss at det er nokon som strittar hardt imot internt i regjeringa. Og vi veit alle at "nokon" i denne samanheng er Arbeiderpartiet. Jens Stoltenberg er stor i kjeften i miljøspørsmål, men når det kjem til handling har statsministeren absolutt ingenting å vise til. Klimaforhandlingane på stortinget har framfor alt avslørt at Arbeidarpartiet er det mest miljøfiendtlege partiet i Noreg, om ein ser vekk frå Frp.

Det overraskande er at Sosialistisk Venstreparti, som sjølv har mykje god miljøpolitikk, på område etter område lar seg overtyre av Arbeidarpartiet. Ikkje får dei gjennomslag i utlendingspolitikken, og ikkje får dei gjennomslag i miljøpolitikken. Har ikkje sosialistane nokon tålegrense? Det er eit tankekors at Venstre og Krf klarte (og framleis klarar) å dra Høgre i ein meir miljøvenleg retning enn det SV og SP klarar med Arbeidarpartiet.

Hadde Noreg no hatt ein borgarleg regjering ville landet landet fått eit klimaforlik mellom Venstre, Høgre, Krf og SV. Det ville gjeve resultat som vi kunne vore stolte av. Men slik er det diverre ikkje. I staden har vi ei sosialistisk regjering som i verste fall får til ein klimapolitikk som berre får støtte frå eit av opposisjonspartia; Framstegspartiet! Ein treng ikkje sei meir for å forklare situasjonen for norsk klimapolitikk anno 2007.

Shahla si lange ventetid

I sju år har Shahla sete i kyrkjeasyl i Mysen. Det er noregsrekord.

Shahla kom til Noreg på gyldig turistvisum hausten 1999 for å vitje broren som hadde kome her som FN-kvoteflyktning. Ein annan bror hadde fått asyl i Canada. Under opphaldet i Noreg får Shahla beskjed om at ei venninne som ho var politisk aktiv med i Iran hadde ”forsvunne”. Foreldra åtvara henne mot å reise tilbake til heimlandet, for Shahla kunne bli den neste. Dermed bestemte ho seg for å søke om politisk asyl i Noreg, men det viste seg å ikkje gå så bra. 15.februar 2001, etter avslag frå både UDI og Justisdepartementet, gjekk Shahla i kyrkjeasyl. Der har ho sete sidan.

Eg vitja Shahla tidlegare i haust i Filadelfiakyrkja i Mysen. Det var eit møte eg aldri kjem til å gløyme. I denne vesle leilegheita har Shahla budd natt og dag sidan ho var 29 år. I dag er ho 36 år. Sju år har ho budd ”innesperra” i ein enkel leilegheit. Av frykt for å bli teke av politiet har ho ikkje kunne gå ut, ikkje eingong for å hente posten eller for å handle.

Denne veka møtte eg Shahla igjen i Oslo. Etter to avslag har ho søkt om omgjeringsbegjæring, og på onsdag var tida komen for å bl intervjua om søknaden av Utlendingsnemnda (UNE). Over fire timar tok intervjuet. Eg møtte Shahla både før og etter intervjuet. Stemninga før var nervøs, etter var han sliten, men optimistisk.

Ein omgjeringsbegjæring er absolutt siste sjans for ein asylsøkar som ønskjer at myndigheitene skal gjere om på avslaget. Får ein ikkje medhald på denne søknaden er det ikkje fleire klageinstansar att. Då må ein ut, eller gå i skjul. Shahla har sjølv sagt at ho heller vil døy i Noreg enn å reise tilbake til Iran.

Neste fredag kjem svaret frå UNE. Då får Shahla vite kva framtida vil bli. Får ho det vernet ho har krav på etter internasjonal rett, eller vil norske myndigheiter tvangssende henne tilbake til landet ho flykta frå? Vil UNE ta omsyn til at Shahla har sete sju år i kyrkjeasyl?

La oss håpe at humanismen sigrar til slutt, og at Shahla får lov til å bu lovleg i Noreg. Om ei veke får vi altså svaret. Det blir ei veldig lang veke. Ikkje minst for Shahla sjølv.

Pinglete kritikk av russisk val

95.000 vallokale spreidd over 11 tidssonar og berre 3-400 internasjonale valobservatørar. Putin sitt forsøk på å halde observatørane ute var likevel ikkje nok til å unngå internasjonal merksemd rundt valfusk.

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) var tidleg ute etter valet med å kritisere valet for å vere urettferdig. OSSE og Europarådet sin parlamentarikarforsamling peika mellom anna på manglande forsamlingsfridom, manglande ytringsfridom og ein statskontrollert presse som ikkje slapp til andre enn Putin og hans parti. Frå eit demokratisk synspunkt var valet i år verre enn i 2003. Den gong var OSSE sin dom at det russiske valet var fritt, men ikkje rettferdig.

Så kva gjer Noreg? Fordømer vi valet? Kritiserer vi i harde ordelag?

Nei, som den gode naboen vi er nøyer vi oss med å sei at "vi har registrert kritiske innvendingar". Jonas Gahr Støre skeriv i ein pressemelding dagen etter dumavalet at:

1. Han forventer at Putin tek OSSE sine merknader alvorleg.
2. Valresultatet viser at Putin har brei støtte i folket (63 prosent!!!).
3. Noreg ser fram til eit tett og godt samarbeid med Russland i tida som kjem.

Ein meir tafatt og ufokusert pressemelding skal ein leite lenge etter. Ein utanriksminister med kampvilje for demokratiet og menneskerettane ville fordømt valet, kalla den russiske ambassadøren inn på teppet eller trekt StatoilHydro frå Sjtockman-prosjektet.  Han eller henne ville iallfall gjort noko meir enn å skrive ein pressemelding kor vi 1) registrerer, 2) hyller og 3) ser fram til samarbeid.

Det er på tide å fjerne silkehanskene overfor vår udemokratiske og brutale nabo i aust.