« oktober 2007 | Main | desember 2007 »

Amnesti til papirlause innvandrarar

I følgje Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) lever mellom 5.000 og 10.000 personar i skjul i Noreg. Dei bur i kjellarar og loftsbodar rundt om i landet, og livet deira går ut på å skjule seg for norske myndigheiter. For blir dei oppdaga risikerer dei å bli tvangssendt tilbake til landet dei flykta frå.

Aftenposten har den siste tida satt livssituasjonen til dei papirlause innvandrarane på dagsorden gjennom ei rekkje artiklar:

Ansvarleg fagstatsråd, Bjarne Håkon Hanssen, viser ingen forståing for situasjonen til dei papirlause innvandrarane. - Send dem ut! er hans populistiske respons i dagens Aftenposten. Det er, for å seie det forsiktig, vanskeleg å sjå nokon kursendring i det Hanssen driv på med i høve til Erna Solberg, sjølv om Soria Moria gav lovnader om nettopp det.

Det er sjølvsagt ingen realisme i det Hanssen seier, for kor store politiressursar har han eigentleg tenkt å sette inn i jakta på innvandrarar utan lovlege opphaldsløyve? Svaret er ikkje meir enn i dag. Dermed er Hanssen sitt  svar i Aftenposten ikkje noko anna enn eit forsvar for dagens politikk, som går ut på å ignorere  ein situasjon kor tusenvis av menneske lever rettslaust i Noreg. For det er det dei er - rettslause.  Aftenposten sine artiklar har framfor alt fått fram at born ikkje tør gå på skule av frykt for å bli oppdaga og kasta ut av landet, og at sjuke  ikkje tør gå til lege av same grunn. Og på arbeidsmarknaden har papirlause innvandrarar ingen alternativ enn å akseptere å jobbe for nokon tikronarar i timen...svart.

I kjend stil går SV i dag ut mot si eiga regjering og foreslår amnesti for papirlause innvandrarar. Dei møter motstand hjå Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og Frp, men får støtte av Krf og Venstre.

Som liberalar syns eg det er prisverdig at SV tek til orde for amnesti, men eg stillar likevel spørsmål ved truverdet deira i denne saka. Då underteikna tok til orde for amnesti i ein artikkel i Ny Tid 26.mai 2006, responderte Heikki Holmås frå SV på følgjande måte:

- De som oppholder seg her ulovlig bør transporteres ut når vi har mulighet. Vi har ikke vurdert amnesti tidligere, og det er heller ikke noe vi vurderer nå. Problemet med et amnesti er at når man har gjort det en gang, forventes det at det gjøres igjen. Det kan hjelpe på kort sikt, men to år senere kan problemet være like stort igjen.

Men for all del. Om SV verkeleg har skifta standpunkt, og har tenkt å arbeide for amnesti innad i regjeringa, så har dei min fulle støtte. Amnesti er det mest humane av i alt tre alternative måtar å møte papirlause innvandrarar på. Dei to andre er  storstilte politioperasjonar og status quo. Hanssen har dessverre vald det siste.

Det kan til slutt vere greit å understreke at amnesti må vere ein kortsiktig løysing. Den langsiktige er å gjere aysl- og flyktningpolitikken meir human, og opne opp for at arbeidssøkarar frå heile verda kan kome til Noreg på lovleg vis. Berre på den måten kan vi unngå at folk i framtida blir tvunge til å gå i skjul.