Frå politikar til uroa borgar
Så var Unge Venstre sitt 99.landsmøte over, og eg har gått av som UV-leiar etter fire år. Ho som har teke over etter meg heiter Anne Solsvik og er frå Arendal. Dei unge liberale er med andre ord i dei beste hender.
Dei første dagane etter landsmøte har vore utruleg rare. Ferre e-postar enn vanleg, ferre tekstmeldinar og ferre telefonar, i det heilt teke ferre ting som skjer. Men det rolegare tempoet vil garantert bli satt pris på etterkvart. Forhåpentlegvis når eg om litt skal bli vanleg student og arbeidstakar igjen.
Bloggen har eg som mål å føre vidare. Ikkje som politikar, men som uroa borgar.
Hei så lenge!