« august 2007 | Main | oktober 2007 »

Godt val for Venstre

Optimismen pregar Venstre om dagen. Det har ikkje alltid vore slik. Eg hugsar fleire valresultat som har vore så deprimerande dårlege at ein mest av alt har lyst til å slutte med politikk. Men vi slutta ikkje, og det er eg utruleg glad for i dag. For med 5,8 gjorde Venstre sitt beste lokalval sidan 1971:

1928     10,0%
1931     11,6%
1934     11,6%
1937     11,1%
1945     8,0%
1947     9,4%
1951     9,4%
1955     8,5%
1959     8,9%
1963     8,4%
1967     9,8%
1971     8,5%
1975     3,8%
1979     5,3%
1983     4,4%
1987     3,3%
1991     3,5%
1995     4,7%
1999     4,2%
2003    3,7%
2007     5,8%

Når vi i år gjer det historisk bra, så skuldast det først og fremst at organisasjonen har blitt meir koordinert og skulert dei siste fire åra. Då Venstres Hovudorganisasjon etter lokalvalkampen i 2003 spurde dei tillitsvalde rundt om i landet kva dei oppfatta som Venstre sine hovudsaker, kom det 10 ulike svar. I dag veit samtlege av Venstre sine tillitsvalde at miljø, småbedrifter, sosialt ansvar og skule er dei fire ubestridte hovudsakene. Det er ein stor framgang for eit liberalt parti.

Ein person som har betydd mykje for Venstre sin snuoperasjon er generalsekretær Terje Breivik. Han har rett og slett gjort ein framifrå jobb dei siste tre åra med å få organisasjonen til å gå i same retning. Breivik er kapteinen som ikkje framhevar seg sjølv, men som fokuserer på at kvart lille steg skal gå framover. Det er ein filosofi som gjer resultatar.

Terje Breivik er Venstre sitt svar på Geir Mo.

Ja til rushtidsavgift

Det næraste vi har kome ein klimadebatt i denne valkampen er debatten om rushtidsavgift i storbyane - ein avgift som dessverre har fleire motstandarder enn tilhengjarar.

Få ting er meir frustrerande enn populistiske forsøk på å drepe forslag som har til hensikt å få ned klimagassutsleppa frå vegtrafikken.  Rushtidsavgift er beviseleg eit godt tiltak. I Stockholm førte rushtidsavgifta til ein reduksjon av trafikken på over 20 prosent. I følgje Transportøkonomisk Institutt (TØI) kan ein oppnå liknande trafikkreduksjonar i norske byar dersom ein innfører rushtidsavgift også her i landet.

Å seie nei til rushtidsavgift - utan å kome opp med andre forslag som kan ha like god miljøeffekt - er det same som å seie ja til menneskeskapte klimaendringar. Dersom Ap og Høgre tek klimaendringane på alvor, noko dei sjølv påstår dei gjer, kan ikkje deira alternativ til å innføre rushtidsavgift vere å ikkje innføre rushtidsavgift. Status quo i høve biltrafikk i storbyane er krise for miljøet.

Sidan 1991 har klimagassutsleppa i norske kommunsr har gått opp med 13 prosent. Hovudårsaka er auka vegtrafikk. I Bergen, Oslo og Stavanger står utsleppa frå vegtrafikken for over halvparten av dei totale utsleppa. Når vi veit at rushtidsavgift er eit effektivt verkemiddel for å dempe personbilbruken, er det uforståeleg at nokon kan vere imot ein slik avgift.

Det absolutt feigaste motargumentet er påstandane om at personar med dårleg økonomi ikkje har råd til å betale litt ekstra for bilkøyring i rushtida. Er det ein ting miløpolitikken ikkje skal fremje så er det sosial utjamning. Dersom nokon ikkje har råd til å betale det forureininga frå biltrafikken kostar, så er det ei utfordring som må løyast på heilt andre områdar.

Spørsmål og svar om fildeling

Viser til spørsmåla/kommentarane som kom inn her på bloggen min etter gårsdagens nettmøte hjå Dagbladet.no. Håpar eg har teke med det viktigaste. Uansett, her kjem mine svar.


Strider ikke det med deres markedsliberale ideologi å være for fri fildeling?

Nei. Unge Venstre meiner framleis at det kun er opphavspersonen som skal ha kommersielle rettar, dvs. kunne tene pengar på produktet.

Er Venstre for tyveri av sparepærer når dere er for fri fildeling?
Nei, sjølvsagt er vi ikkje det. Og eg er ganske sikker på at om eg i ein annan samanheng hadde samanlikna det kulturbransjen driv med med sparepæreproduksjon, så ville det blitt teke ille opp.

Hvordan mener du at artistene skal tjene penger på fildeling?
Dersom kunstnarar, musikarar og forfattarar lir store økonomiske tap på grunn av ein friare informasjonsflyt, så må vi sjølvsagt kompensere for det. Det har vi råd til. Noreg bruker mykje meir offentlege pengar på bibliotek for fritt å distribuere litteratur enn det platebransjen tener på musikk (og likevel kjøper folk bøker, og ingen har endå skulda biblioteka for å truge opphavsretten til forfattarane.)

Fakta er at musikkbransjen slit med å kome med truverdig bevis på at fildeling steler inntekter frå kunstnarane. Ein grunn til det er som det har blitt skrive av andre at mange lastar ned songar som dei elles ikkje ville kjøpt. Bransjekampanjen Piracy Kills Music påstår at dei har overveldande bevis på at tapa er store, men viser sjølv ganske lemfeldig omgang med opphavsretten, når dei ikkje tek seg bryet med å fortelje kor dei har tala sine frå. Bransjen sin eigen salsstatistikk viser noko heilt anna. Om ein reknar med det lovlege salet av musikk over internett og til mobiltelefon, så vart det seld fleire musikkeiningar i 2006 enn nokon gong tidlegare. Ei studie frå Harvard Business School frå 2004 klarte dessutan ikkje å finne nokon som helst samanheng mellom aukande ulovleg fildeling og utviklinga i musikksalet.

Det er viktig å understreke at folk er viljug til å betale for musikk sjølv om ein har moglegheit for å laste ned musikk gratis frå nettet. Det er nok å minne om at iTunes Music Store hadde rundt 200 millionar nedlastingar i løpet av sine tre første leveår, og det til tross for at musikkfilene her var utstyrt med brukarfiendtlege kopisperrar.

Hvor mange tror du forøvrig kan leve av "berømmelsen og konsertinntekter"?
Den største delen av inntektene til musikarar vil i framtida i støre grad kome frå  andre stadar enn direkte sal av musikk, dvs. konsertbillettar, merchandise, reklame, låtar spelt på radio/TV o.l. Ein kan like det eller ikkje, og alt var sikkert mykje betre i gamle dagar, men ein skigard kan’kje vare evig, veit du.

Elles trur eg at fleire har moglegheit til å leve av musikken på grunn av fildeling. Tidlegare var ein avhengig av å sleppe gjennom nålauget til plateselskapet for å nå ut med musikken sin. Med fildeling kan kven som helst nå ut til heile verda ved å laste opp musikken sin på nettet.

Eller var det stemmesanking blant kidsa som var det viktige likevel?
Nei. Vi er eit parti som seier det vi meiner.

Fleire spørsmål?

Akkurat no sitt eg i nettmøte på Dagbladet.no. Dersom du ikkje har fått svar eller vil stille meg fleire spørsmål så kan du poste dei i kommentarfeltet her, så svarer eg i løpet av kvelden.

mvh
Lars-Henrik

Eldrepolitikk på protestfestival

Akkurat no står eg (!) ved ein datamaskin i bibiloteket ved Universitetet i Agder. Altså ikkje høgskule, men universitet. Nok om det. Er på debattur på sørlandet og dagens siste debatt skal handle om eldrepolitikk på ein eller annan pub/kafe i sentrum her i Kristiansand. Høvet er Protestfestivalen og utgangspunkt er følgjande:

Alle skal gi til de eldre. Alle politikere sier de vil bevilge mer penger til pensjonistene. Men hvorfor gir de ikke heller til dem som trenger det? Har ikke de aller fleste pensjonister mer enn nok til å klare seg? Skyver de rike eldre de syke og minstepensjonistene foran seg?

Endeleg ein debatt kor vi kan syte over at dei eldre syt for mykje. Det gler eg meg til. Har du kommentarar til desse påstandande?

Desse stiller i debatten, forutan meg sjølv:
Per Inge Torkelsen
Harry Martin Svabø, leiar Seniorsaken og lege
Vidar Kleppe, leiar Demokratene
Anette Trettebergstuen, stortingsrepresentant Ap
Trude Ringheim, journalist i Dagbladet
Gunhild Hagestad, professor