« juli 2007 | Main | september 2007 »

Skuledebatt

Så har skuledebattene begynt igjen. For min del blir det debattar litt rundt omkring i landet. Gol på fredag, Bergen i dag og i morgon, Haugesund onsdag, Bodø torsdag og fredag veit eg ikkje enno. Men måndag og tirsdag er det Kristiansand.

Så langt i år har eg observert at lista frå 2005-valkampen over ting som alltid dukker opp i ein skulevalsdebatt framleis held seg godt.

1. AUF har utplassert folk i salen som skal stille spørsmål til dei andre partia.
2. SU-representanten har alltid med seg eit innlegg som er skriven av partikontoret i Oslo.
3. Senterungdommen spør om det ikkje er betre å elske i det grønne, enn å sveve i det blå.
4. FPU får gehør for billeg spirt- og moped-politikken sin.
5. Ordstyrarane er elendige.
6. AUF lovar gratis skulebøker.
7. AUF lovar gratis skulebøker.
8. AUF lovar gratis skulebøker.
9. AUF lovar gratis skulebøker.
10 SU sett alle forslaga sine opp mot skattelette, og brukar gjerne pengane både tre og fire gonger.

Still krav til dei eldre

Vi gjer det på alle andre politikkområdar; balanserer rettar med plikter, fridom med ansvar. Overfor grupper som asylsøkjarar, sosialklientar og narkomane er det mest populært å snakke om pliktene og ansvaret til den einskilde. Det politiske omkvedet er at ingen skal få noko gratis av den norske stat. Alle må yte noko tilbake.

Men når det kjem til eldrepolitikk så er pliktane og ansvaret forsvunne. Jens Stoltenberg og Siv Jensen overbyr kvarandre i å sikre dei eldre støre rom, betre mat, fleire pleiarar, meir fritid osv. Ingen tek tak i dei eldre sitt personlege ansvar.

Å ikkje stille krav er det same som umyndiggjering. Det er difor med respekt for landets eldre at eg stiller krav om at eldre, som motyting for alt det dei får av det offentlege, gjer følgjande:

  • Sluttar å sjå rart på mørkhuda personar på bussen.
  • Legg frå seg homofobien.
  • Set seg inn i kva islam er. 
  • Gjer frå seg førarkortet når dei ikkje lenger er i stand til å køyre bil.
  • Tar i bruk internett.
  • Sluttar å klage på "ungdommen no til dags".
  • Går litt meir på pub og kino.

Blog Action Day

Kva om alle vi som har blogg skreiv om det same temaet på den same dagen? Eit tema, ein dag.

15.oktober
er Blog Action Day. På denne dagen vil bloggarar over heile verda gå saman om å sette fokus på eit viktig tema - miljøet. Kvar einaste bloggar vill skrive innlegg om miljøet, men på deira eigen måte og om det dei vil.

Blog Action Day handlar om massedeltaking. Det betyr at dersom du har ein blogg så bør du bli med. Her følgjer tre måtar ein kan ta del i denne dagen på.

  1. Skriv blogginnlegg om miljøet på Blog Action Day.
  2. Gje eit dagsverk til miljøarbeid.
  3. Sprei informasjonen om Blog Acion Day vidare.

Bli med du og!

Forvirring med Paul Chaffey

Paul Chaffey anklagar underteikna for ideologisk forvirring i eit innlegg i Minercva. Her følgjer påstand frå Chaffey og svar frå meg. 

Chaffey:

Men førstepremien i konkurransen om å være mest ideologisk forvirret er det ingen tvil om. Den må gå til Unge Venstres leder Lars-Henrik Michelsen for to utspill i sommer. (...). For liberal politikk ligger tydeligvis langt unna det denne unge mannen er mest opptatt av å fremme. (...). Først kom Unge Venstre og Michelsen med et utspill om at Telenor ASA (et børsnotert og konkurranseutsatt selskap med en rekke norske og utenlandske private eiere) sin norske virksomhet bør deles opp av staten.  I en tjenestedel og en infrastrukturdel. Jeg antar at Michelsen foreslår dette fordi han tror at teleinfrastruktur er et naturlig monopol og må skilles fra det som er konkurranseutsatt, nemlig teletjenester. Men har ikke Unge Venstres leder oppdaget at det finnes både mobiltelefoni, fasttelefon og ip-telefoni? Og at fastnettet ikke er ett nett, men mange ulike nett? (...). Det er i dag knallhard konkurranse mellom aktørene, også mellom eiere av ulike infrastrukturer. Da er det noe surrealistisk at en liberal ungdomsleder ber staten rykke inn og konfiskere eiendelene til et børsnotert selskap, og lage et monopol der det i dag er konkurranse.
Meg:

Dei siste månadene har det rast ein debatt om Telenor sitt brot med nettsamarbeidet Norwegian Internet Exchange (NIX). Debattens høgdepunkt fann stad på stortinget rett før ferien under ein open høyring i regi av Høgre og Venstre. Dei som lurer på kva NIX er kan til dømes sjekke denne artikkelen.

Det er ikkje nytt at ein norsk nettleverandør vel å satse på direkte samkopling i staden for å sende trafikken gjennom NIX, men det nye er at det er Telenor som gjer det. Telenor kontrollerar over femti prosent av den norske breibandsmarknaden. Med ein slik dominans seier det seg sjølv at konsekvensane av at Telenor trekk seg frå NIX bli støre enn om det lille selskapet Lyse gjer det. Telenor er rett og slett viktigare for internett i Noreg enn det dei 160 andre nettselskapaer til saman.

Kvifor Telenor så store? Jo, det skuldast mellom anna at då Telenor blei delprivatisert i 1999 fekk selskapet behalde det fysiske nettet (det såkalla aksessnettet). Denne gåva resulterte i at alle andre selskap blei avhengig av tilgang til Telenor sitt aksessnett for å drive business i Noreg.

Det same skjedde i Sverige då TeliaSonera blei delprivatisert på omtrent same tidspunkt. I dag har den gamle svenske telemonopolisten ein like dominerande marknadsposisjon i Sverige som det Telenor har i Norge. Denne dominansen har svenske telemyndigheiter no funne ut at dei skal gjere noko med. 14.juni i år foreslo dirfor det svenske post- og teletilsynet at TeliaSonera sitt aksessnett skulle skiljast ut i eit eige selskap, slik at konkurransen på den svenske breibandsmarknaden blei styrka. Den borgerlege regjeringa i Sverige har så langt applaudert forslaget. Det same har Telenor sin avdeling i Sverige gjort. 

Unge Venstre syns og det svenske forslaget er godt, men i motsetnad til Telenor ser vi inga grunn til å ikkje gjere tilsvarande skilje i Noreg.  Å bekjempe monopolar er liberalt og her i landet. Det er viktig å presisere at Unge Venstre aldri har foreslått, slik Chaffey påstår, at aksessnettet i framtida skal bli eigd av staten (det ville jo bety nasjonalisering, og det er det motsette av kva UV ønskjer i næringspolitikken). 

Unge Venstre sitt syn på Telenor er meir en eit sommarutspel. Onsdag 8.august var underteikna i møte med Telenor for å framføre mine argument. Usemja mellom Telenor og Unge Venstre til tross; vi er begge samd om at debatten om Telenor sin marknadsdominans vil kome for fullt etter valet. Eg skal iallfall gjere mitt

Chaffey:
Like merkelig var utspillet fra Michelsen i sommer om at staten må gripe inn overfor idretten og forby den meldeplikten for idrettsutøvere som gjør det mulig å gjennomføre uanmeldte dopingtester. Av hensyn til idrettsutøvernes personvern. Nå er personvern et godt og viktig liberalt prinsipp. Men her må Michelsen ha gått seg litt i surr i prinsippene. (...). Det er profesjonelle idrettsutøvere som blir testet. Folk som er i et ansettelsesforhold til en privat arbeidsgiver, som betales av private sponsorer og deltar i konkurranser arrangert av private arrangører. Aktører som i et privatrettslig kontraktsforhold krever at utøverne ikke skal jukse, og at man for å forebygge og avsløre juks skal gjennomføre tester. (...). Ønsker man ikke det, kan man finne seg en annen jobb. Å rope på statlige forbud som innsnevrer privates mulighet til å lage avtaler, vil begrense og å innsnevre private arbeidsgiveres styringsrett over egen virksomhet. Det er det stikk motsatte av liberalt.

Meg:

Unge Venstre har ikkje sagt at vi er imot dopingkontrollar av toppidrettsutøvarar. Heller ikkje uanmeldte dopingkontrollar. Det vi er kritiske til er at Stiftinga Antidoping Noreg kan krevje at fleire hundre toppidrettsutøvarar må oppgje ein adresse kor dopingjegarar har moglegheit til å treffe dei 365 dagar i året. For Unge Venstre handlar dette om kor langt ein arbeidsgjevar kan gå i å kontrollere sine tilsette. Chaffey argumenterar som mange andre med at meldeplikta er ukontroversiell fordi det er friviljug å vere toppidrettsutøvar. Men skal ein følgje denne logikken litt lenger så er det og greit om Hydro overvaker e-posten til sine tilsette. Det er jo ingen som blir tvinga til å jobbe der.

I motsetnad til Chaffey meiner eg at alle mennesk har rett på personvern, også toppidrettsutøvarar. Men heller ikkje dette synspunktet handlar først og fremst om at eg som Unge Venstre-leiar vil ha trynet mitt i media. Eg var i dag i møte med stiftinga Antidoping Noreg her i Oslo for å diskutere meldeplikta sitt urimelege omfang - eit møte Chaffey sjølv hadde hatt godt av å vere med på.

Aldri meir Hiroshima

I dag - 6.august 2007 - er det 62 år sidan atombomba smalt over Hiroshima. Eg har akkurat holdt appell ved markeringa til Nei til Atomvåpen (NtA) her i Oslo. Det er lett å sjå på organisasjonar som NtA som støvdotter frå ei annan tid, men det mange likskapar mellom det som skjer i 2007 og det som skjedde på byrjinga av 1970-talet. Kampen mot atomvåpen bør difor ikkje døy ut med dei som demonstrerta på Youngstorget i dag.

Vi lever i ei tid kor Storbritannia bestemmer seg for å investere 160-217 mrd kroner i nye atomvåpen, kor USA bestemmer seg for å produsere atomvåpen for første gong sidan den kalde krigen, kor Russland trekk seg frå nedrustingsavtalen CFE og kor USA bygg ut det såkalla rakettskjoldforsvaret.

Det finst i dag i underkant av 30.000 kjernefysiske våpen. Det er nøyaktiv like mange som for tretti år sidan.
Vil du bidra til at verdas stormakter ruster ned, og ikkje opp, kan du starte med å skrive under på dette oppropet mot atomvåpen.