« juni 2007 | Main | august 2007 »

Sommar, sol og bajer

Vel, då stikk eg til sol og bajer i Danmark. Det blir kjempebra.

God sommar til deg og!

L-H :)

Jakta på narkomane i Oslo

På tide å gjere noko nytt? I over 40 år har narkomane i Oslo blitt jaga rundt i det offentlege rom, uten at narkotikaproblemet har blitt mindre av den grunn. Det som har skjedd i sidan 1960-talet i hovudstaden kan oppsummerast omtrent slik som dette:

  1. På 1960-talet dukka det første synlege narkotikamiljøet opp i nedre del av Slottsparken. Første politiaksjon fann sted i 1978. På byrjinga av 1980-tallet var miljøet fjernet heilt.
  2. Frå slutten av 1970-talet forflytta miljøet seg til området omkring Egertorget. Klager frå forretningsdrivande og ny politiaksjon.
  3. Narkotikamiljøet forflytta seg til området omkring Oslo Domkyrkje. Nye klagar og ny politiaksjon.
  4. Frå slutten av 1980-talet forflytta det synlege narkotikamiljøet seg til Arkaden og Oslo S. Nye klagar og ny politiaksjon.
  5. Frå slutten av 1990-talet blei det nye tilhaldsstaden Christian Fredriks Plass, kjend som  ”Plata”. Nye klagar og ny politiaksjon førte til Plata-aksjonen i 2004.
  6. Dei narkomane forflytta seg mot Skippergata. Nye klagar frå forretningsdrivande.
  7. I 2007 held miljøet og til i nedre del av  Karl Johan. Nye klager frå forretningsdrivande.

I dagens VG går Erna Solberg ut og ber politiet fjerne dei narkomane frå Karl Johan. Altså meir av den medisinen som ikkje har fungert. Kor er det Høgreleiaren vil flytte dei narkomane denne gangen?