Då Telenor blei delprivatisert i 1998 fekk den gamle monopolisten behalde det såkalla aksessnettet, dvs. dei fysiske kablane som går til kvar husstand. Dette var ein tabbe av dimmensjonar, for dette har gjort alle Telenor sine konkurrentar på tenesteproduksjon avhengig av å leige kapasitet på aksessnettet som Telenor eig. Dermed har Telenor fått ein svulmande posisjon i den norske ekomsektoren.
Det er på tide at synda frå 1998 blir retta opp att. Aksessnettet bør skiljast ut frå Telenor sin øvrige verksemd, slik at konkurransen blir reell. I våre naboland er splitting av gamle telemonopol hyperaktuelt.
I Sverige har det svenske Post- og Teletilsynet nyleg anbefalt regjeringa å skilje ut aksessnettet frå den gamle monopolisten TeliaSondera sin øvrige verksemd. Målet er å sikre eit eigarskap av aksessnettet som behandlar alle aktørar likt. Dei danske telemyndigheitene følgjer etter og vil gjennomføre eit liknande skilje av TDC, som er den tidlegare danske telemonopolisten.
I utgangspunktet burde ein ha splitta Telenor i tusen biter for å betre konkurransen, men eg nøyer meg førebels med å foreslå å splitte Telenor i to selskap. Eit selskap som styrer infrastruktur (eller aksessnettet) og som sikrar alle aktørar like vilkår, og eit selskap som levere tenester i fri konkurrane med andre selskap.
Godt poeng!
Jeg tror infrastruktur er et viktig stikkord. nettet er en av de viktigste delene av vår nasjonale infrastruktur, og den må underlegges statlig kontroll (enten gjennom eierskap - det går jo ikke lengre - eller gjennom regulering og lovgivning)
Det er viktig at vi beholder offentling kontroll og ansvar med infrastrukturen; veier, jernbaner, havner, flyplasser, strøm, vann, kloakk og data/telefon/tele bør være likest mulig tilrettelagt for alle. Hvem vi velger å kjøpe de ulike tjenstene av (taxi-, buss-, fly- tele, tv-, internettselskap osv) det bør derimot være åpent for konkuranse.
Alternativt må man bygge ut nye "åpne" nettverk....
Posted by: Carl Christian | 28.06.07 at 15.04