Ja til stamcelleforsking
Rett før påske fekk eg tilsendt ein konvolutt med stortingsstempel. Inne var eit brev - sikkert skrivne at ein eller annan konservativ representant som har fått panikk - om kor ille regjeringa sitt forslag til endring i bioteknologilova var. Ettersom brevet ikkje var signert vel eg å grunngje mitt syn på stamcelleforskning her på bloggen.
Debatten om bioteknologilova er ein skyttargravskrig. I den eine skyttargrava ligg dei som er kategoriske motstandarar av all forsking på befrukta egg, og som i dag har fått gjennomslag for ein av verdas strengaste bioteknologilover. I den andre skyttargrava ligg dei som er like kategoriske forsvararar av all forsking med gode føremål, og som ikkje ser ut til å hefte seg ved etiske dilemma i det heile.
Som liberalar tek eg utgangspunkt i mennesket sin ukrenkjelege eigenverdi. Ei slik verdiforankring pliktar ein å stille etiske spørsmål ved forsking generelt, og kanskje stamcelleforsking spesielt. For meg fins det utvilsamt forskingsområdar og -metodar kor det etiske omsynet blir viktigare enn den medisinske nytten. Til dømes syns eg det er etisk uakseptabelt å tillate produksjon av befrukta egg kun for forskingsføremål. Eit samfunn kor forskarar produserer egg kun for å gjere eksperimenter på dei, meiner eg er forakt for menneskeverdet.
Det er fullt mogleg å drive stamcelleforsking utan å måtte produsere befrukta egg kun for forskingsføremålet. Det fins i dag eit stort overskot av befrukta eggceller frå mellom anna kunstige befruktningar. Tusenvis av befrukta egg blir øydelagt og kasta kvart einaste år fordi dei er overtallige. Stamceller frå desse embryoane meiner eg det bør være lov å forske på. Kva er det uetiske i å dra nytte av celler som likevel hamner i søpla? Like eins meiner eg det bør opnast for forsking på stamceller frå aborterte fostre, så lenge det er innhenta informert samtykkje frå mora. Eg delar ikkje frykta for at ei slik opning vil få fleire kvinner til å abortere, eller at det skal kunne influere valet av abortmetode . Det overveiande argumentet for å bruke abortfostre som kjelde til stamceller er at fostra allereie er døde, men dei er ikkje døde på grunn av forskinga. På mange måtar kan ein samanlikne det med å bruke organa til ein død person.
Stamcelleforsking blir som regel knytt til store medisinsk framskritt. Det blir ofte peika på moglegheita for å kurere sjukdomar som Alzheimer og diabetes. Når forsking på stamceller likevel er forboden her i landet, så kan det skuldast at 1) Krf har hatt urettferdig mykje makt dei siste ti åra og 2) stamcelleforsking vil ikkje gje umiddelbare resultat. Det er diverre ikkje sånn at ein person med Alzheimers sjukdom vil bli frisk i morgon viss ein liberaliserar lovgjevnaden i dag. Dermed blir det eit mindre påtrykk frå samfunnet om å opne opp for denne type forsking. Det er synd. Sjølv om konsekvensane ligg fram i tid, kan ei opning for stamcelleforsking få mykje å seie for framtidas borgarar. Noreg kan heller ikkje ignorere det som skjer i andre land. Er det ein ting vi kan vere samd om i 2005, så er det at forskingsresultat og pasientar kryssar landegrenser. Å vere tru mot vår eigen strenge bioteknologilov, vil i ytste konsekvens seie at vi og må halde oss unna dei behandlingsformene som spring ut frå stamcelleforsking i andre land. Men fins det eigentleg nokon norske politikarar som vil nekte ein parkinsonpasient den beste behandlinga som måtte føreligge frå denne type forsking? Skule svaret vise seg å vere ja, så vil dei pasientane som har råd likevel kunne dra utanlands for den behandlinga som Noreg nektar dei.
Forsking er alltid undervegs, og det same må debatten om bioetikk vere. Morgondagens forskingsresultat vil stille oss overfor nye medisinske moglegheiter og nye etiske dilemma. Om nokon år vil vi kanskje måtte svare på om det å dyrke nye hjerneceller er det same som å skape tankar og kjensler, og er det igjen det same som å skape eit nytt liv? Å seie ja til stamcelleforsking (under overnemnde vilkår) er ikkje det same som å seie ja til alle dei medisinske moglegheitene som måtte dukke opp i framtida. Det er til sjuande og sist politikarane som må syte for at lovverket som regulerar forskinga balanserar omsynet til etikk og nytteverdi på ein god måte.
Jeg må si meg uenig med din etiske evaluering.
Det å produsere befruktede egg til forskningsformål, for å fremme menneskets liv - er IKKE "forrakt for menneskeverdet", jeg vil heller påstå at den motsatte posisjon er nettopp dette.
Å nekte forskning er en forrakt for mennesket, begrunnet primært med religiøs dogma.
Et egg er intet menneske Lars-Henrik - følgelig er det ingen etisk problemstilling.
Det finnes ingen "kompromissfylt mellomvei" her, enten er du tilhenger av kristne dogmer, eller så er du IKKE det ;)
Posted by: Lasse K. Lien | 28.04.06 at 09.58
Eit gryande menneskeliv er framleis eit menneskeliv. Lenge leve kristne dogme.
Posted by: Runar | 28.04.06 at 19.40
Når startar livet er eit av dei store spørsmåla vi aldri vil bli samd i, Lasse K. Lien. Eg meiner livet startar ein stad mellom penetrering og fødsel. Altså ein stad mellom ditt syn og Høybråtens.
Som liberalar meiner eg livet har ein ukrenkjeleg verdi, og det å skape eit liv (eller byrjinga på det) til forskningsføremål er for meg å krenkje menneskeverdet. Eg ser heller ikkje vitsen i å produsere befrukta egg til forskingsføremål så lenge det fins hopetal med overskotsegg allereie.
Du meiner vel ikkje at all forsking ok, og at politikarane ikkje skal setje etiske grenser? For meg handlar forsking i aller aller høgste grad om etikk, jmf WW2.
Posted by: Lars-Henrik Michelsen | 02.05.06 at 11.05