Overvåking av telefon, sms og e-post
Sporingsdirektivet. Merk deg namnet. Frå 2007 vil dette direktivet syte for at informasjon om bruken din av telefon, mobiltelefon, e-post og internett blir lagra hjå Netcom, Telenor eller andre teleselskap i opptil to år. Det er like totalitært som det høyres ut som.
14.desember 2005 røysta fleirtalet i Europaparlamentet (= dei konservative og sosialistane) for eit direktiv som pålegg alle teleoperatørar og internettleverandørar å lagre trafikk- og sporingsdata for all telekommunikasjon. I dag kjem justisministra i EU til å banke direktivet gjennom.
Kva informasjon blir lagra?
Direktivet pålegg teleselskapa å lagre informasjon om kven som ringer, kven det blir ringt til, når det blir ringt og kvar det blir ringt frå. Dei same opplysningane skal lagrast for telefonsamtalar som ikkje blir svart og tekstmeldingar. Internettilbydarane får pålegg om å lagre informasjon om involverte IP-adressar, namn og adresse på registrerte nettbrukar, tidspunkt for innlogging og utlogging, avsendar og mottakar for all e-post, samt geografisk lokalisering. Sjølve innhaldet skal ikkje lagrast.
Dagens praksis:
I dag kan teleselskapa lagre relevant kundedata i 3-5 månader for fakturaomsyn, i tilfelle kundeklagar. Det vil seie trafikkdata for mobil og fasttelefoni, men ikkje IP-trafikk. Medan dagens praksis er eit unnatak frå personvernopplysningslova, så fører det nye sporingsdirektivet til at selskapa får pålegg om å lagre trafikkinformasjon frå all telekommunikasjon. Dette er ein alvorleg inngripen i borgarane sin rett til privat kommunikasjon. Det er og tvilsamt å pålegge private selskap forvaltningsansvaret for enorme mengder med sensitive personopplysningar som politiet skal ha tilgang til ved behov.
Kva er føremålet?
Føremålet med sporingsdirektivet har vorte beskrive som å nedkjempe kriminalitet. Poenget er imidlartid at kriminelle allti vil finne smartare måtar å kommunisere på når direktivet blir implementert. Det er berre å stjele seg ein mobil, simkort eller ein annan brukaridentitet. Dermed er det først og fremst dei lovlydige borgarane som blir rama. Det er og viktig å understreke at politiet i dag har moglegheit til å ”fryse” trafikkdata frå mistenkte personar. Å lagre informasjon om kontakt mellom menneske som ikkje er mistenkt for nok - i tilfelle det skjer noko kriminelt i framtida - er eit alvorleg brot med det liberale rettsprinsippet om at ein er ”uskuldig inntil det motsette er bevist”.
Og Noreg meiner?
Nei, sei det. Trass i lovnadene frå Soria Moria om ein meir aktiv Europapolitikk har regjeringa vore passive tilskodarar til heile prosessen rundt det kontroversielle sporingsdirektivet. Det er tragisk at den norske regjeringa - same dag som sporingsdirektivet blir endeleg vedteke i ministerrådet - enno ikkje har gjort seg opp ein meining om eit direktiv som betyr omfattende overvaking av borgarane sin e-postkontakt, telefonkontakt og internettbruk.
Download Datalagringsdirektivet.pdf
http://rusyk5.phpnet.us/page40.html thomas kelly mining engineer http://rusyk5.phpnet.us/page47.html chemical safety labels http://comforter.phpnet.us/page46.html dragon comforter set http://rusyk5.phpnet.us/page30.html dinara 18 teen http://covers.phpnet.us/page6.html queen duvet set
Posted by:nqbdw | 10.08.07 at 11.32
http://teaset.phpnet.us/page12.html cheap tea set http://comforter.phpnet.us/page12.html girl comforter set http://acredi.phpnet.us/page24.html free business credit report http://acredi.phpnet.us/page5.html free credit score check http://mobilem.phpnet.us/page148.html verizon mp3 ringtone
Posted by:sktao | 12.08.07 at 02.43