Fjern NRK-lisensen
Det er godt nytt at dei fire opposisjonspartia samlar seg om NRK-lisensens død i neste stortingsperiode. Å finansiere NRK over statsbudsjettet
framfor lisens, vil synleggjere kostnadene på det tilbodet
statskanalen leverer til einkvar tid.
Trond Giske er som forventa kritisk til å fjerne lisensen, og argumenterer med at NRK då vil tape kampen om årlege budsjettkroner. Giske avslørar ein merkeleg haldning til demokratiet, for seier han eigentleg ikkje at gode (kultur)føremål aller helst bør vernast mot politiske prioriteringar? Skulle gjerne høyrd Giskes forklaring på korleis det kan ha seg at stortinget klarar å finansiere andre store kulturinstitusjonar frå år til år på ein god måte. Dersom det er riktig å ha ein statskanal i framtida, er det inga grunn til å tru at politikarane på stortinget ikkje vil bevilge pengane det kostar.
Eg seier dersom, for eit demokrati bør ikkje halde seg med ein statskanal berre fordi det er ein tradisjon. Ein statskanal må fylle ein unik rolle dersom han skal ha livets rett, og ein kan med rette spørje om NRK i dag er så veldig unik. Det er nok å nemne oppkjøp av dyre fotballrettar, nedlegging av breiddeprogram, oppstart av eigen barnekanal som viser teiknefilmar heile døgeret og stadig meir reklame.
Dersom NRK i framtida må finansierast over statsbudsjettet, og ikkje gjennom den litt diffuse lisensen, vil debatten om NRKs framtid tvinge seg fram. Det er på høg tid. Konklusjonen på den debatten kan like gjerne bli at NRK skal vere noko anna enn TV2 og TV3, som at statskanalen bør privatiserast.