Noregsmeisterskap i løftebrot

Absolutt ingen dårleg video:


Søstrene Hagelin får leve vidare

Dagens gladsak i Bergen: Søstrene Hagelin får leve vidare.

Responsen på det enorme engasjementet for å hindre varig nedlegging av fiskematbutikken Søstrene Hagelin i Bergen kom i dag frå følgjande tre gode bergensarar:

Torodd Iversen
Anton Engen
Rune Mjøs

Er oppkjøpet eit resultatet av sosiale mediers mobiliserings- og påverkningskraft?

PS: Ingen av butikkjedane har svart på mitt fiskekakebrevet som eg sendte 4.mai, så ingen kred til ICA, Rema 1000, Coop Norge eller Norgesgruppen.

Miljøsakene SV ikkje snakkar om

Fleire aviser har i det siste publisert eit lesarinnlegg frå SVs Inga Marte Thorkildsen der ho angriper Venstres miljøengasjement. I overfladisk skuledebattstil hopper Thorkildsen elegant over miljørekneskapen for sitt eige parti for perioden 2005-2009. Kanskje ikkje så rart når ein ser på lista under:

  • Opning for oljeleiting ved korallrevet Sularevet
  • Nei til grøne sertifikat som ville fått fart på den fornybare energiproduksjonen
  • Utsetjing av Ringeriksbana som ville redusert reisetida med tog mellom Bergen og Oslo med 1 time
  • Nedlegging av vær- og klimaskipet Polarfront frå 01.01.2010
  • Mageplask på Mongstad - ingen rensing frå dag 1!
  • Opning av det kontroversielle Goliat-feltet
  • Likegyldig til oljesandutvinning med StatoilHydro i Canada
  • Stans av CO2-rensing på Kårstø
  • Opning for oljeaktivitet utanfor Jan Mayen

Andre som har døme på fleire miljøsvik frå regjeringa dei siste fire åra?

Jens, Jensen og den tredje vegen

Jens Stoltenberg og Siv Jensen har alt å tene på å framstille valet i haust som eit val mellom raudt og blått, Jens eller Jensen. Men begge tek feil. Det er fem moglege regjeringsalternativ dei neste fire åra, og dei to minst sannsynlege alternativa er fleirtalsregjering med frp/h eller mindretalsregjering med frp/h.

Slik kan det gå (tilfeldig rekkefølgje):

1. Fleirtalsregjering mellom AP+SV+SP
Om dagens regjering held fleirtalet vil det ikkje bli noko regjeringsskifte. Om ein ser på målingane etter 2005-valet er det ikkje veldig sannsynleg at dette skjer. Men det kan skje.

2. Mindretalsregjering AP
Om ap/sv/sp ikkje får fleirtal, og AP blir den største mindretalskonstellasjonen på stortinget, er det duka for ei rein ap-regjering med Jens Stoltenberg som statsminister. Ikkje akkurat usannsynleg om ein ser på siste meiningsmålingar.

3. Mindretalsregjering H+Venstre+KrF
Dersom dagens regjering ikkje får fleirtal, og H/Venstre/Krf blir større enn Arbeidarpartiet, blir det desse tre partia som kjem til å danne ny regjering. Har skjedd før, kan fint skje igjen.

4. Fleirtalsregjering Frp+H
Dersom Frp og Høgre får fleirtal saman kan dei ende i regjering saman. Men det vil rett og slett aldri skje. Så enkelt!

5. Mindretalsregjering Frp+H
Det femte alternativet er ikkje berre usannsynleg, det vil heller ikkje vere levedyktig. Ein mindretalsregjering plassert yttarst til høgre på den politiske skalaen vil ha så store problem med å manøvrere seg til fleirtal på stortinget at dei vil måtte gå svært kjapt etter innsetjing. Heldigvis.

Trond Giske vil privatisere politioppgåver

Demokratiets varsellampar bør blinke når kulturminister Trond Giske vil gje private selskap tilgang til å etterforske fildeling.

Simonsen advokatfirma har sidan 31.12. 2007 hatt løyve til å overvake ulovleg fildeling på vegne av plate- og filmbransjen. Dette har skapt sterke reaksjonar, og i går blei det kjent at Datatilsynet ikkje vil forlenge konsesjonen til Simonsen-advokatane. Gleda vart imidlartid kortvarig. For dagen etter gjekk kulturminister Trond Giske ut og bad Datatilsynet gjere om vedtaket sitt, slik at den private fildelingsetterforskinga kan halde fram.

I ein liberal rettsstat er det berre politiet som skal etterforske lovbrot, inkludert ulovleg fildeling! Det er sjokkerande at kulturministeren viser så lite forståing for den prinsipielle kritikken som har blitt reist mot å gje plateselskapa politifullmaktar. Får Giske viljen sin betyr det ikkje mindre enn ein privatisering av politioppgåver. Det er ganske overraskande frå den kanten...

Mindre forsking med Stoltenberg

Regjeringa har dei siste fire åra nedprioritert det viktigaste av alt: forsking!

Siste grelle døme er regjeringas plan for å legge ned vær- og klimastasjonen M i Norskehavet. Denne stasjonen har vore i kontinuerleg drift i 60 år, og forskingsdataa som har blitt samla inn i desse åra er i dag av uvurderleg verdi for forskinga. Kanskje spesielt for klimaforskinga. Tilgang til data som strekker seg over lang tid er avgjerande for å kunne forstå dei endringane som skjer av klimaet på jorda. Å stoppe datainnsamlinga frå 1.januar 2010, slik regjeringa vil, er å kaste 60 års innsamla data over bord.

Det er ikkje berre Venstre som går mot nedlegging av vær- og klimastasjonen M.  Hyppigheten og kontinuiteten av målingar gjer denne stasjonen unik i internasjonal samanheng. Difor har forskarar frå Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NIVA, SINTEF, National Oceanography Centre (Storbritannia) og National Oceanic and Atmospheric Administration (USA) gått saman om eit opprop mot det dei meiner er ei svekking av klimaforskinga.  Saka har og fått omtale fagtidsskriftet Nature.

Dersom vi skal ta klimaendringane på alvor må vi legge til rett for meir forsking, ikkje mindre. Då eg tidlegare i år spurde forskarar i Bergen om det er mogleg og ønskjeleg å få til meir forsking frå vær- og klimastasjon M i norskehavet var svaret eit rungande ja. Mannskapet på stasjonen sa samstundes at dei har kapasitet til å gjere fleire målingar og testar som kan kome framtidig forsking til gode. Dei einaste som er negative til meir forsking er Ap, SV og SP, og enn så lenge er det dei som bestemmer...

Interesserte bør lese kronikken Redd Polarfront!

Vi treng mindre statleg eigarskap

Tida er inne for ein prinsipiell debatt om statleg eigarskap. Min konklusjon er at vi bør vere meir realistisk på kva statleg eigarskap kan føre til, og så bør vi eige mindre.

Det er få omgrep eg har støre vanskar med å forstå enn omgrepet "aktivt statleg eigarskap". Dei raudgrøne har brukt det regelmessig i snart fire år, men det gjer framleis ikkje meining. Gong på gong får vi bevist at det er hav mellom retorikken til SV og AP og det som faktisk skjer:

  • Staten er ikkje moralsk overlegen! Det skjer minst like mykje  korrupsjon, sosial dumping og tvilsome oppkjøp med staten som eigar som med private.
  • Staten er ikkje mindre oppteken av profitt! Det endelege beviset er at staten (som styres av ei raud fleirtalsregjering) ikkje ein gong klarar å stogge StatoilHydros planar om utvinning av oljesand i Canada. Minner om at staten er majoritetsaksjonær i StatoilHydro.
  • Staten er ikkje meir langsiktig! Statkraft er døme på eit selskap der staten har tappa overskotet for å kunne finansiere statsbudsjettiltak. Konsekvensen er at Statkraft ikkje blir i stand til å reinvestere.

Så til storleiken på det statlege eigarskapet i dag. Eit kjapt søk på regjeringa sine nettsider viser at staten under paraplyen "aktivt statleg eigarskap" har eigarskap i følgjande selskap:

Børsnoterte selskap:
Cermaq ASA (43,5%)
DnB NOR ASA (34,0%)
Kongsberg Gruppen ASA (50,0%)
Norsk Hydro ASA (43,8%)
SAS AB (14,3%)
Telenor ASA (54,0%)
Yara International ASA (36,2%)
StatoilHydro (67,0%)

Unoterte selskap:
Aker Holding (30,0%)
Argentum Fondsinvesteringer AS (100,0%)
BaneTele AS (100,0%)
Bjørnøen AS (100,0%)
Eksportfinans ASA (15,0%)
Electronic Chart Centre AS (100,0%)
Entra Eiendom AS (100,0%)
Flytoget AS (100,0%)
Kings Bay AS (100,0%)
Mesta AS (100,0%)
Nammo AS (50,0%)
Secora AS (100,0%)
Statkraft SF (100,0%)
Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (99,9%)
Venturefondet AS (100,0%)

Spørsmålet eg sitt igjen med er dette: kvar går grensene for politikk? Eg har tidlegare gått inn for å splitte Telenor i to selskap, slik at tenestedelen i Telenor vert privatisert. Det er ikkje staten si oppgåve å drive med rein underhaldning, slik store deler av Telenors verksemd går ut på i dag.

Listene over viser at meiningslaus statleg eigarskap ikkje stoppar med Telenor. Kvifor skal  staten drive med produksjon av våpen (Nammo), passasjertransport mellom Gardermoen og Oslo S (Flytoget) eller fiskeoppdrett (Cermaq)? Eg meiner dette er gode døme på at staten eig for mykje. Alt for mykje. Kva meiner du?

I'm the dark horse

Statsvitar Svein Tore Marthinsen har i ein artikkel hjå Minerva gått gjennom valsituasjonen i Hordaland per mai 2009.

Marthinsen konklusjon er at 13 av Hordalands 15 mandat er nokonlunde sikre (Erna Solberg, Lars Sponheim, Anne-Grete Strøm Erichsen....), og at i alt 6 personar konkurrerar om 1 fast mandat + 1 utjamningsmandat.

Om mine sjansar til å bli Venstres andre representant frå Hordaland skriv Marthinsen:

"Venstre drømmer om at Lars Michelsen skal komplettere Lars Sponheim på Hordaland-benken. Det ser tungt ut, men kommer det et solid Venstre- løft gjennom valgkampen, så er det ikke helt dønn umulig å hente de tre ekstra prosentpoengene som han trenger".

Og vidare:

"Fem stykker kjemper om ett fast mandat og ett utjevningsmandat – med Venstre-Michelsen som en mulig sjettemann og ”dark horse”. Dette er ståa i Hordaland valgkrets akkurat nå".

Posisjonen som "dark horse" er drømmeposisjon fire månader før valet. Marthinsens prognose tek utgangspunkt i ein oppslutning for Venstre på 6,6 prosent, 0,4 prosent lågare  enn oppslutningen for fire år sidan. Eg håpar og trur Venstre skal gjere det betre enn i 2005, slik at sjansane for to mandat er godt innan rekkevidde. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Tida fram til valdagen 14.september skal gå med til knallhard valkampjobbing.

Med dette som mitt fremste våpen lovar eg Magne Rommetveit (Ap), Kjersti Toppe (SP), Henning Warloe (H), Fillip Rygg (Krf)  og Torkil Åmland (Frp) hard konkurranse om dei to "ledige" plassane på Stortingets Hordalandsbenk.

God helg!

Svevebane i Bergen bør vurderast!

Eg lar meg lett rive med av nye politiske tankar og idear. Slik som den Anders Waage Nilsen kom med i Bergens Tidende i dag om å bygge Svevebane i Bergen. Bergen har ein typografi som gjer at ein bør kunne sjå for seg infrastruktur etter modell frå gondolbanane i alpane. Ein mogleg strekning er Bergen sentrum - Haukeland Sjukehus (byens største arbeidsplass).

Gevinstane med ein svevebane er openberre: Bergen vert i dag kvelt av biltrafikk og har lite areal til å bygge ut. Dessutan er utbygging på landjord med private eigarar dyrt og konfliktfylt. Ein elektrisk bane over Bergen by ville ikkje berre avlasta vegane og miljøet, det kunne og vore ein rimelegare måte å løyse nokre av bergens trafikkproblemar.

Dette er ein spanande ide som ikkje må drukne. Eg utfordrar derfor Venstres Sara Henriksen (bystyrepolitikar for Venstre i Bergen) til å fremje ein interpellasjon på neste bystyremøte med forslag om å greie ut ideen om Svevebane i Bergen. Tek du utfordringa, Sara?

Til Anders Waage Nilsen: Vil du vere med å utforme ein slik interpellasjon, og kan du fortelje meir om erfaringane frå Portland?

Tingrett hånar demokratiet

Det er mildt sagt sjokkerande at Stavanger tingrett har bestemt seg for å hemmeleghalde rettsavgjersla om kor vidt det er politiet eller underhaldningsbransjen som skal etterforske fildeling i framtida.

Bakgrunnen er filmbransjens rettslege krav om at nettselskapet Lyse Tele må røpe identiteten til han eller ho som piratkopierte Max Manus. Til no har politiet vore dei einaste som har hatt rett til å innhente informasjon frå nettselskapa om kven som skjular seg bak kvar einskild datamaskin i Noreg. Dette gjer tingrettens avgjersle prinsipielt svært viktig. Om plate- og filmselskapa får fri tilgang til norske folks ip-adressar betyr det i realiteten at politiets monopol blir oppheva.

Då TONO i 2007 gjekk ut med krav om innsyn i ip-adressar la dei ikkje skjul på motivet: Dei var svært misfornøgd med politiets innsats mot fildeling og ville difor sikre seg retten til å gjere politiets jobb. Juridisk rådgjevar i TONO, Irina Eidsvold Tøien, formulerte seg slik: "Ressurssituasjonen i politiet er slik at de ikkje klarer å følgje opp dette i så stor grad som vi ønskjer det". TONOs logikk, om at alle som meiner politiet ikkje gjer jobben sin må få lov til å ta lova i eigne hender, er skremmande.

Det er lite tilfredsstillande å ikkje vite kva Stavanger tingrett har kome fram til i sin rettsavgjersle. Har dei gitt underhaldningsbransjen politifullmakter i kampen mot fildeling, eller har dei verne om politiets monopol til å etterforske lovbrot?

I demokratiets namn må rettsavgjersla offentleggjerast!